
Men dette fekk ikkje ødelegge verken dagen eller frisyren, for kva gjer ein når livet byr på sitroner..? Jo då var eg lur og nytta anledningen til å kjøpe meg Lisbeth Dahl sin lilla paraply med polkadotter på. Så no må regnet berre pøse ned for min del, eg kose meg under den nye, lekre paraplyen min og nynner på "under my umbrella ella ella..." Ikkje berre er den fin å sjå på, den er praktisk også, så liten at du kan putte den i veska og ta den med på handleturen viss det er grå skyer.

Og her er kommer nokon bilder av tagsene som eg nevnte i går. Dei er laga på akvarellpapir og har tilda julestempel på baksida, brun stempelpute på kantane og hampsnor til å feste med.
Kos dåke vidare i høstværet og husk viss det blir litt trist i regnet, så hjelper det med ein lekker paraply:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar