torsdag 29. oktober 2009

Gamle bøker

I dag har eg vore saman med ei vennine på gjenbruksbutikken eg nevnte for nokon veker siden, kva eg fant den dagen kan du lese om her. Det eg jakta på i dag var gamle bøker og noter.



Og det viste seg at dei hadde bøker i lange baner, så da var det berre til å leite. Eg kobler heilt ut og er plutselig i min eigen lille verden og tida suser forbi. Lekker skrift, noter og gulna slitte sider var målet og den som leiter skal finna:)



Bøkene er fra 1913 og til 1949 og er av slaget salmebok, sangbok, tysk-dansk/norsk ordbok, lærebok i tysk for nybegynnere og til slutt "Utvalgte tragedier" som er(om eg har forstått det riktig) ei bok med tragiske skuespill. Rett og slett litt fasinerande , kanskje enda meir om eg hadde forstått kva som stod i den....



Dei trivlige damene på butikken synest det var ein spennande kombinasjon av bøker og lurte på om me var lærarstudentar, kanskje ikkje så rart eller....? Me vågde ikkje å sei kva bøkene var til, i fare for å ikkje få kjøpa dei. Eg ser for meg at damene ikkje hadde likt tanken på å rive ut sider av gamle bøkene for å lage kort og diverse papirpynt.... Da er det bedre dei trur me er kommande lærarar med spesial kompetanse innen gammel litteratur:)



Må forresten nevne at det stod pris i salmeboka, og den hadde i si tid kosta 7 kroner og 50 øre.
Så fra ein rykande fersk fantasi lærarstudent: Ha ein strålande kveld:)

1 kommentar:

Lillan sa...

tusen takk for kjempe koselig hilsen!!:O))

Du er hjertelig velkommen tilbake:)

GOD HELG klem fra Lillan