
I dag har eg vore ein liten tur på gjenbruksbutikken vår, synest det er gøy å ta ein runde for å sjå om det er nokon små skatter som står gøymde i hyllene. Og i dag var eg heldig og fant fleire ting. Min sønn har høstferie og måtte vera med på jakta stakkars, som belønning for tålmodig venting på mamma, fekk han kjøpa seg Donaldblad. Her er det skatter for både store og små.


Denne enkle dekorasjonen er laga av mose og ein serviettring. Hjerteskåla fekk eg av mammaen min, da ho var på veg til å kaste den. Den var julerød og har fått eit strøk med ein kvit maling, heilt utruleg kor mykje det utgjer.

Den vetle fløtemugga og matchende skål blei også med meg heim, og står no på bordet med telys i og pynter opp.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar