onsdag 14. oktober 2009

Heimalaga pynt


Eg har virkelig fått dilla på å sy, så no har det blitt fleire hjerter i heimen. Der det er hjerterom er det husrom veit du, men her er det nok mulig me har så masse hjerter at det minker på husromma.....


Har laga nokon lykter av tomme glass, synes det er kjekt å kunne bruka ting opp igjen. Desse glassa er små og passer akkurat til telys, skal lage større og men har ikkje nådd det enda.


Tenkte desse kunne bli koselige på mørke kveldar i adventstida. Dei store kan ein jo ha ute på trappa, det er veldig fin glød i dei når det er levande lys inni.


Eg kjenner at for min del så kan ikkje adventstida komme fort nok. Eg gleder meg veldig no, og prøver å bremsa litt siden me endo berre er midt i oktober. Men eg har faktisk vore i ein interiør butikk der det allerede var fullt av julevarer og vindauga var pynta til jul. Det var kjekt å kikka , men det var litt tidlig sjølv for meg.Ha ein fin kveld:)

Ingen kommentarer: