Nå som vårlengselen melder seg sterkare for kvar dag som går, er det deilig å pynte vårlig inne sjølv om vinteren fremdeles herjer ute. Akkurat no er det ikkje snø, men det er ikkje mange dager siden snøflaka dalte tett ute og la eit fint kvitt teppe over landskapet.
Om ikkje lenge så alt for lenge går det an å rusle litt i hagen, om ikkje anna så for å få rydda det som egentlig skulle vore rydda lenge før snøen kom og gjemte det. Eg har store mengder løv som må fjernes og det er ikkje akkurat det mest spennande arbeidet, men om sola skinner ein dag, (og løvet ikkje er frosset fast i bakken) så skal det nok bli orden på det!
I mellomtida gleder eg meg over lekre roser inne, og drømmer om vår og varmare tider:)
Ønsker alle ein flott mandag og ein god start på den nye veka!