Eg er ikkje så flink til å skrive på kort, så desse passer perfekt for meg. For dei meir skrivelystne går det an å putte ein liten lapp/tag inn saman med sjokoladen. Har laga dei med gratulerer og gledelig jul- stempel og hadde planer om "dette kortet er ein bærbar klem", men veit ikkje om tida strekker til... det er i grunn vanskelig å vite kor mykje ein skal lage også.
Men den store utfordringen med desse korta er at det no står to esker i kjøleskapet, utenpå står det skrevet med store bokstaver: "IKKJE RØR!" Den eine inneholder melkesjokolade og den andre firkløversjokolade. I utgangspunktet var det 67 sjokolader i kvar eske, men talet er kraftig redusert og minker stadig til tross for den tydelige beskjeden... Er veldig spent på kor mange som er igjen når korta skal fylles om to veker;) Ønsker alle som er innom ei flott helg:)
fredag 30. oktober 2009
Små fristelser
torsdag 29. oktober 2009
Gamle bøker
Og det viste seg at dei hadde bøker i lange baner, så da var det berre til å leite. Eg kobler heilt ut og er plutselig i min eigen lille verden og tida suser forbi. Lekker skrift, noter og gulna slitte sider var målet og den som leiter skal finna:)

Bøkene er fra 1913 og til 1949 og er av slaget salmebok, sangbok, tysk-dansk/norsk ordbok, lærebok i tysk for nybegynnere og til slutt "Utvalgte tragedier" som er(om eg har forstått det riktig) ei bok med tragiske skuespill. Rett og slett litt fasinerande , kanskje enda meir om eg hadde forstått kva som stod i den....

Dei trivlige damene på butikken synest det var ein spennande kombinasjon av bøker og lurte på om me var lærarstudentar, kanskje ikkje så rart eller....? Me vågde ikkje å sei kva bøkene var til, i fare for å ikkje få kjøpa dei. Eg ser for meg at damene ikkje hadde likt tanken på å rive ut sider av gamle bøkene for å lage kort og diverse papirpynt.... Da er det bedre dei trur me er kommande lærarar med spesial kompetanse innen gammel litteratur:)
Må forresten nevne at det stod pris i salmeboka, og den hadde i si tid kosta 7 kroner og 50 øre.
onsdag 28. oktober 2009
Under my umbrella...

Men dette fekk ikkje ødelegge verken dagen eller frisyren, for kva gjer ein når livet byr på sitroner..? Jo då var eg lur og nytta anledningen til å kjøpe meg Lisbeth Dahl sin lilla paraply med polkadotter på. Så no må regnet berre pøse ned for min del, eg kose meg under den nye, lekre paraplyen min og nynner på "under my umbrella ella ella..." Ikkje berre er den fin å sjå på, den er praktisk også, så liten at du kan putte den i veska og ta den med på handleturen viss det er grå skyer.

Og her er kommer nokon bilder av tagsene som eg nevnte i går. Dei er laga på akvarellpapir og har tilda julestempel på baksida, brun stempelpute på kantane og hampsnor til å feste med.
tirsdag 27. oktober 2009
Vintage jul
Nå er det knappe tre veker igjen til julemessa eg skal på, og eg håper eg kjem i mål med det eg har lyst å få laga. Problemet er at det stadig vekk dukker opp nye idèer som må prøves ut... snakk om luksusproblem:)
Siden eg (og mange med meg) begynner så tidlig å glede seg til jul, butikkar blir fylt med julepynt, så føler eg at denne tida før advent burde hatt eit navn. På samme måte som advent og førjulstid, kunne jo dette blitt kalla føradventstid, julemesseproduksjonstid eller rett og slett førjulsgalskap. For viss ein tenker seg om så er vel jul i oktober litt førjulsgalskap... Så til alle som jobber med sine juleprosjekter, kos dåke og lenge leve førjulsgalskapen:)
mandag 26. oktober 2009
Kvardagsgleder


Min oppfordring er, midt i jobb, fritidsaktiviteter og bekymringer, å finne fram dei tinga i kvardagen som ein gleder seg over og kjenne at ein nyt dei. Nokon av mine kvardagsgleder er: dagens første kaffikopp, solstrålene som kikker frem mellom regnbygene, eit kompliment, duften av nybakte boller, eit smil, koselige kommentarer på bloggen. Det kan vera så lite, og likevel gleda så mykje. Bildene i dag er fra noko anna eg gleder meg over, en ettermiddagstur ute i naturen saman med familien min.
torsdag 22. oktober 2009
Just cruisin....
tirsdag 20. oktober 2009
Badet mitt


fredag 16. oktober 2009
Kule støvler

onsdag 14. oktober 2009
Heimalaga pynt

Eg har virkelig fått dilla på å sy, så no har det blitt fleire hjerter i heimen. Der det er hjerterom er det husrom veit du, men her er det nok mulig me har så masse hjerter at det minker på husromma.....

Har laga nokon lykter av tomme glass, synes det er kjekt å kunne bruka ting opp igjen. Desse glassa er små og passer akkurat til telys, skal lage større og men har ikkje nådd det enda.
mandag 12. oktober 2009
Roser og fleire hjerter





søndag 11. oktober 2009
Hjerter og lysposer


onsdag 7. oktober 2009
Rosa sløyfe 2009

"Gud gi meg slik sinnsro at eg forstår og godtar dei tingene eg ikkje kan forandre, mot til å forandre dei tingene eg kan og forstand til å se forskjellen."

Eg synetest dette er veldig kloke og gode ord, og i dag skal dei være ein del av mitt rosa innlegg. Det var inne på sida Magny`s krinkelkrok eg les om oppfordringa til å lage eit rosa innlegg for å støtte opp om den rosa sløyfe aksjonen. Ho har ein veldig koselig blogg og den finn du på blogglista mi. Den rosa sløyfe aksjonen 2009 kan du lese om ved å gå inn på denne siden.

Brystkreft er noko som rammer veldig mange, og dei aller fleste har hatt det ganske tett på livet sitt. Mor, søster, tante, ein venn eller nabo som har vore berørt av dette. Aksjonen kjem frå USA og starta opp i Norge i 1999, den har som mål å spre informasjon og auke kunnskapen om brystkreft. Dei har gjordt ein fantastisk jobb, og viss du vi være med å støtte kan du lage eit rosa innlegg for å spe informasjonen vidare eller lese om dei forskjellinge måtene du kan støtte dei på nettsida deira. Armbåndet på bildet over er designet av Torill Kvalheim og er ein av tinga som auksjoneres bort til støtte for aksjonen. Ho har også ein kolleksjon for salg til inntekt for rosa sløyfe aksjonen, dei kan du sjå på denne sida. Håper du vil være med å støtte aksjonen:)
mandag 5. oktober 2009
På skattejakt

I dag har eg vore ein liten tur på gjenbruksbutikken vår, synest det er gøy å ta ein runde for å sjå om det er nokon små skatter som står gøymde i hyllene. Og i dag var eg heldig og fant fleire ting. Min sønn har høstferie og måtte vera med på jakta stakkars, som belønning for tålmodig venting på mamma, fekk han kjøpa seg Donaldblad. Her er det skatter for både store og små.


Denne enkle dekorasjonen er laga av mose og ein serviettring. Hjerteskåla fekk eg av mammaen min, da ho var på veg til å kaste den. Den var julerød og har fått eit strøk med ein kvit maling, heilt utruleg kor mykje det utgjer.

Den vetle fløtemugga og matchende skål blei også med meg heim, og står no på bordet med telys i og pynter opp.