søndag 1. november 2009

Lys, lys og atter lys...

Fekk nesten panikk for at eg hadde klart å slette bloggen min på fredag kveld. Det kom berre opp ein melding om at sida ikkje eksisterte, men når eg ikkje kom innpå nokon andre sine bloggar heller fant eg ut at det kunne ikkje være eg som hadde rota det til...



Siden eg ikkje fekk tatt besøksrunden min i blogglandia, brukte eg kvelden på kreative syssler. Fekk sydd nokon nye lysposer, litt større enn dei eg laga sist. Oppi desse passer det akkurat med eit stort syltetøy glass, så dei kan brukes som lykt også.



Dei gamle bøkene mine er også tatt i bruk. Eg hadde eit lite snev av dårlig samvittighet når det første arket blei rive ut av boka, men det gjekk fort over. Så nå er lysa rulla inn i utvalgte tragedier, og Haakon Jarl var den heldig vinner av å være først ut! Har surra tofarga hyssing rundt lysa og nokon har fått eit lite charms på i tillegg.


Ønsker alle ein fin søndagskveld:)


Ingen kommentarer: