mandag 12. desember 2011

Juleverkstad...


Då hadde me allerede passert den tredje søndag i advent og jula kommer mot oss med raske skritt. På fredag var eg på juleverkstad saman med klubbjentene mine, me fekk god mat, hadde pakkelek, og til slutt laga me kransar, hjerter og pynta sviblar:)


Bildekvaliteten blei desverre litt halvdårlig på nokon bilder, men de ser no kva det er:)


Denne kransen er laga av bjørk og pynta med lerkegreiner og mose, planen var i grunn å pensle konglene med glitter, men eg likte den så rein og enkel som den var.



Sviblane er så kjekke no i adventstida, dei koster lite holder ganske lenge om det ikkje er for varmt og dei kan brukast til så utolig masse dekorativt!


Her har eg kledd ein tom hermetikk boks med bølgepapp og hatt ein svibel oppi, dekka jorda med mose og pynta litt.


I morgon har eg fri og skal reise på julehandel, då skal eg endelig få besøke søstrene grene igjen, gleder meg som eit lite barn:)
Ha ei fin adventsveka!


1 kommentar:

deasogmia sa...

Så mye fint du har laget!!!! lekkert med lerkekvister!

ønsker deg en fin adventstid!