søndag 25. april 2010

Våren er her for alvor...

Beviset for at våren er her står nå på bordet mitt!


Det er virkelig herlig å kunne gå rett utenfor døra og hente inn dei vakre blomstene, som seier at nå er våren her for alvor. Sjølv om det kanskje ikkje heile tida kjennes så godt på temperaturen ute...


Små buketter med kvitveis står rundt om i heile huset og pynter opp.


Me har no komme igjennom eit selskap med 10 viltre 6 åringer og det såg ut til at alle kosa seg, det gjorde i alle fall me! I dag er det eit langt roligere selskap med besteforeldre og oldemor, dei pleier ikkje å lage så mykje leven;)


Nå skal eg bake og stelle litt i huset til gjestene våre kommer.
Ha ei flott søndag alle saman:)

fredag 23. april 2010

Figgjo og bursdagsfeiring...


Enda ei veke er gått og helga melder seg, og me ska feire bursdag denne helga også:) Denne gang er det 6 årsdag som skal feires og det som står øverst på ønskelista er fotballklær og sko! Kanskje ikkje det 6 år gamle jenter flest ønsker seg, men denne jenta veit kva ho vil:)


Eg har vore så heldig og fått nokon fine kruser fra Figgjo av min bestemor. Eg liker Figgjo sine ting veldig godt og har allerede ein serie fra dei som eg har fått av min mor.


Til denne serien har eg funne tallerker på gjenbruksbutikken og så har det dukka opp litt hos besto som eg har fått seinare. Kaffi kanna har eg fått av ei tante, og der hadde det også dukka opp enda meir. Eg skjønner ikkje at dei ikkje vil ha det sjølv, men er veldig takknemlig for å få ta vare på desse skattane.


Vil ønska alle ei herlig helg, her blir det full rulle med barneselskap i morgen og besteforeldre på søndag.
Krysser fingrane for at sola kikker fram i morgen:)

torsdag 22. april 2010

Her hviler gullfisk...

Her i ein krok av vår hage hviler vår gullfisk. Det er triste greier når kjæledyr dør, men akkurat desse fiskane som svømmer rundt i akvariet har eg ikkje noko sterkt bånd til...Det har deimot min sønn og han har tatt det heile på ramme alvor, som de ser...


Med kors av ispinne og streng, gravstein av ei knust skiferhelle og friske blomster blei det ein høgtidelig sermoni. Som rett skal være i følge min sønn!


Vårglimtet som kom med varmegrader og sol, forsvant like fort som det kom, men blomstene gir ikkje opp likevel og nå er det minipåskeliljer og kuleprimula som blomstrer for fullt i hagen. Det er så helig å sjå fargane som dukker opp rundt om:)


Hadde det ikkje vore for pollenallergien min så skulle eg vore ute og kosa meg i hagen tross kulden, men eg må nok vente litt med det! Det er dei flotte pusekattene/gåsungene eg reagerer mest på og dei gir seg om ikkje så lenge så da kan eg komme meg meir ut uten å få nyseanfall og tårevåte auger...
Ønsker alle ein herlig torsdag!

lørdag 17. april 2010

Gammelt nytt...

Ei travel veka er omme, berre søndagen er igjen og den håper eg blir ein rolig og herlig familiedag med masse kos. Det er akkurtat som at når våren kommer så går tida dobbelt så fort, sjølv om dagane i grunnen blir lengre... I dag har me vore på fotballcup med guten vår, og der var i grunn lite som tyda på at våren var kommet for det var iskaldt, no sitter eg her under eit pledd og prøver å få varmen i kroppen:) 


Eg har vore på skatterjakt igjen denne veka og funne litt på bruktbutikken, kjenner det gleder meg meir og meir med alle dei gamle skattene som er å finne. Dette flotte bildet fant eg gjemt mellom masse anna smått, og fire nye middagstallerker fra stavanger flint blei også med heim. Eg falt heilt for desse tallerkane, og skulle i grunn ønske det var fleire av dei!


Og så vil eg få sei tusen takk for alle koselige helsingar, eg har hatt litt trøbbel med pcen min i tillegg til ei travel veka så eg har ikkje fått sett innom alle enda, men gleder meg til å ta ein runde og sjå kva de har gjordt på! Ønsker alle ein herlig søndag:)

tirsdag 13. april 2010

Rom i rom...

Ja det er ei ganske rar overskrift, men det er akkurat det det er. Eit rom i eit rom, meir konkret eit bad i eit rom. Dette rommet skal bli mitt kontor det neste halve året, og derfor må badet vekk!


Eg starta med kubein og hansker og knuste ned veggene som besto av 2x3 og dobbelt lag med gisp, for å lime det heile godt saman var det tapet og maling på begge laga! Om du lurer på kva badet gjer i dette rommet så er det nokon, muligens fleire som har tatt fagprøve ved å lage dette rommet. Akkurat korfor dei bygde det inne i eit anna rom, har eg ikkje blitt klok på...


Her var i alle fall mykje godt arbeid, og eg kjenner på kroppen at det kommer til å være ømme muskler og ein del blåmerker i morgen. Men eg kjem i alle fall ikkje til å ha problem med å sovne i kveld, det er sikkert og visst!


Og med min mørbanka kropp skal eg i morgen vaske ut rommet og male det kvitt så det er klart til å innrede og tas i bruk på torsdag! Veggene ser ganske kvite ut på bildene, men dei er egentlig lyse grønne. Gulvet får være som det er, sjølv om det ikkje er så veldig vakkert.


Det blei ein lang dag og det har gått i eitt, så nå skal eg endelig ta ein laaang, velfortjent dusj og krype i køyen! God natt alle saman:)

søndag 11. april 2010

Solskinn og award...

Ein aldeles herlig dag me har hatt i dag, me har vore ute i sola i heile dag har berre vore innom for å lage middag. Årets første kaffimat på terrassen i solskinn, og det smakte veldig godt:) Sauene eg hadde planer om å sy har måtta vente på grunn av fint vær, snakk om luksus problem..


Som eg nevnte i går har eg fått ein award av Anitas interiør verden, tusen takk Anita, dette var skikkelig moro! Det er den første awarden eg har fått og derfor er det litt ekstra stas for meg:)


Med awarden følger det ein oppfordring om å:

* Kopiere awarden til bloggen din
* Linke til den man har fått den av
* Fortelle 7 interessante ting om seg selv
* Sende den videre til 7 andre bloggere.
 

Så her kommer 7 ting om meg sjølv:
 
Eg foretrekker kvardager foran fest.
 
Eg er ein systemfreak og har en tendens til å organisere det som organiseres kan.
 
Eg har ein drøm om å skape min egen bedrift.
 
Eg har blitt ei kreativ sjel på mine voksne dager, har funnet ut at det er utrolig kva man klarer om man berre våger å prøve.
 
Eg er veldig glad i hagearbeid og blomster ute, men håpløs med alle planter som bur inne i huset.

Eg har ein forkjærlighet for gamle ting, og er ofte innom bruktbutikker på jakt etter små skatter.

 Ingenting provoserer meg meir enn urettferdigheten som råder i vår verden, det er grusomt å tenke på at mange barn ikkje ein gong får mat, mens Hollywood fruene sliter med å få brukt opp dagskvoten med penger på ren luksus!



Eg vil gi denne vidare til desse 7 bloggane:








Håper dåke vil ta utfordringen:)




Bildene i dag er fra litt av det som spirer i hagen. Vil ønska alle ein fin sønsdagskveld:)

lørdag 10. april 2010

Korleis lage svenske kanelboller:)

Jeg lovet tidligare at eg skulle vise korleis eg laga dei svenske kanelbollane, og nå har eg feira 8årsdag med 12 viltre gutter og der sto kanelboller på menyen, så her kommer forklaringen med bilder. Det er sikkert mange måter å gjera det på, men dette er den eg har lært:


Man lager ein vanlig søt bolledeig, og denne kjevler man ut i ein firkant som man vanligvis gjer når man lager kanelboller. Eg pleier ha på eit lag med smør så sukkeret og kanelen henger bedre.


Så bretter eg den så den ligger dobbel, som på bildet i midten, og sjærer strimler på ca 3 cm hele veien.


Strimlene tvinner eg så dei får eit fint mønster og så lager eg ein knute, det som måtte være til overs brettes under bollen.


Så er det berre å pensle bollane og om du vil kan du ha på perlesukker.


Slik ser bollane ut når dei er steikte, og klare til severing:) Om det er noko som er uforståelig, så gi en lyd så skal eg prøva å forklare bedre. Eg har vore så heldig å fått ein award hos Anitas interiør verden,  og der fulgte ein utfordring med, meir om det kommer i morgen!
Ha ein herlig lørdagskveld:)



tirsdag 6. april 2010

Vårtegn og nye prosjekter...

Nå kjennes det på kroppen at våren er her. Sola som varmer, spirer som veks fram og kveldane som blir lysare og lysare. Alt dette gir kroppen energi og eg får lyst til så masse, det er ein herlig, herlig følelse:) Har begynt med litt rydding i hagen, men det er enda litt tidlig å begynne å plante noko... Så det får vente litt og i mens har eg funne noko vårlig eg har lyst å sy:)


 Det er ingen sikrere tegn å våren, enn dei herlige lamma som snart for første gang setter sine tynne små bein ut på bakkane. Dette er ein luksus som me fra utkantene får oppleva kvar vår:) For dåke som ikkje får oppleva dette kan dåke jo kjøpa "påske med Tildas venner" og sy ein lite lam, det skal eg!


I påsken har me vore litt på farten og da må ein ha noko enkelt håndarbeid å ha med seg på turen. Mitt påskeprosjekt har vore kluter. Dei er veldig kjekke å lage og så synest eg dei blir ganske søte. Dei er hekla med halvstaver og måler ca 20cm x 20cm og passer fint som kjøkkenkluter.


Nå har eg store planer om å få begynnt på mitt litla lam, men først har eg fått spørsmål om å være dommer og (i mangel på folk) publikum i ein talentiade, i kveld er det nemlig "Parkvegen`s got talent!"
Spenningen er til å ta og føle på!!!
Ha ein herlig tirsdagskveld:)

mandag 5. april 2010

Marsipankake med åpent lokk...

I dag har gullgutten min bursdag og han har ønska seg marsipankake, for det er hans favoritt! Siden dette er ein 8års dag så måtte det være litt kul pynt med farger og da passer smarties fint.


Slik gjer eg når eg lager kaka. Bunnen lager eg med 5 egg for å få litt høyde på den, da kan eg dele den i tre og få 2 lag med krem og syltetøy inni. I tillegg så pleier eg å "dynke" kaka litt med gul brus eller melk alt etter hva eg har inni. Eg liker ikkje tørre kaker...


Eg har gjordt det lettvint og kjøpt eit ferdig lokk, men for å få marsipanen litt meir tøyelig kjevler eg den litt ut på papiret. Før marsipanen legges på kaka legger eg på ein rund bit av bakepapir midt på kaka, denne lages så stor som du ønsker at åpningen i lokket skal være. Når eg har fått på lokket skjærer eg 8 kakestykker i marsipanen som eg bretter åpne som vist på bildet under. 


Så plukker eg utav biten med bakepapir og fyller smarties på toppen. Her kan man bruke akkurat det man vil og få kaka så tøff eller lekker som man ønsker...


Nå er kaka klar for servering! Ha ein flott 2. påskedag, her skal me feire og kose oss i dag:)
Gratulerer med dagen gutten min!


søndag 4. april 2010

Trekning på overtid...


Min mor har heldigvis gjordt meg oppmerksom på at give awayen min er på overtid, dette beklager eg virkelig!!! Av ein eller annen grunn har eg fått for meg at det var søndag trekningen skulle være, men det står 3. og det er lørdag. Dette får heilt klart følger og derfor blir det TO trøstepreimer:)


Trekningen blei tatt ut av eit påske egg selfølgelig, mine søte små fekk trekke og slik blei resultatet!
Anette som blogger på foreldremanualen  som vant give awayen, gratulerer Anette!



Første trøstepremie går til Anne som har butikken og bloggen Emmas verden og den består av eit kort med trykk"hjertelig til lykke" inni og ei lita kjærlighets ugle. Den har skrift på ryggen der det står "I love you," derav navnet.



Og andre trøstepremien går til Tutt`s verden og denne består av to hekla kluter:)



Så vil eg takke alle som ville være med, det var moro at så mange blei med her på min lille blogg! Beklager igjen at eg rota til med dagene her, håper det går bra:)
Ha ein flott søndag vidare, nå skal her bakes kaker til bursdagsfeiring i morgen!

torsdag 1. april 2010

Bake, kake søte...


Her bakes og bakes det... Det er litt sånn med meg at når eg først er i gang så blir det bakt ein del. Men det skal seiast at det hoper seg ikkje opp akkurat! I denne omgang var det havrebrød og nordlandskaker som stod for tur.


Havrebrøda er lette og lage, og etter at eg fekk meg ny bakemaskin til jul så kan eg lage store deiger, så nå får eg tre brød av ein deig. Det er godt å veklse litt mellom kjøpebrød og heimebakt, da går man ikkje så fort lei. Eg bruker havregryn, havrekli, sammalt hvete fin og hvetemel i mine brød, og da blir dei omtrent så grove som kneipbrød. Her i huset står frø og veldig grove bakevarer, svært lavt i kurs...


Nordlandkaker er noko som eg er oppvaksen med, og som utolig nok ingen fra nordlige strøk har hørt om...i alle fall ikkje dei eg har truffe på;) Korleis det har seg at desse blir kalla det, er eit mysterium for meg?? Om nokon veit må du gjerne skrive det i ein kommentar:) Dei er i alle fall veldig gode, barna eter dei som dei er, men eg liker best å ha ost og syltetøy på dei. Eg har endelig funne ei oppskrift som eg får til å bake, og om nokon lurer på om dei egentlig skal være like store og runde... så ja det skal dei, men det satser eg på at kommer etterhvert:)


Så nå skal det bli ein liten bakepause, i alle fall til mandag for da er bursdag her i Parkvegen:) Har fått spørsmål om korleis ein lager dei svenske kanelbollene, så neste gang eg er i sving skal eg ta bilder som viser korleis eg gjer det! Det blir nok ikkje så lenge til, om det skal fylles opp igjen før det er tomt...
Nyt påsken vidare alle saman:)
PS! Du kan enda melde deg på give awayen min om du klikker her.