tirsdag 2. november 2010

Retro tøy i posten...

For ei stund tilbake kom eg over litt tøy og blonder på finn til ein rimelig penge. Eg satte meg ned og sendte mail og etter nokon dager kom pakken i posten.


Akkurat kva alt dette skal brukes til er eg ikkje sikker på enda, men det var så stilig at eg måtte berre ha det.


mandag 25. oktober 2010

Jentetur og litt til julemessa...

I går kveld kom eg heim fra ein aldeles herlig jentetur. Me reiste på torsdag i snøkaoset og hadde ein laaang tur nedover, men på turen heim var det derimot nydelig vær og gode føre. Me har kosa oss veldig er no klar med nylada batteri og er fulle av energi. Slike turer burde vore obligatoriske for oss jenter minimum ein gang i året!!


Da er julemesse produksjonen endelig kommet skikkelig i gang, og også i år blir det lyseposer og fyrstikkesker på "menyen." Ein litt anna vri i år enn i fjor, men samme stilen.


Eit gammelt loppefunn er også funnet frem, og om eg klarer å ødelegge dei tenkte eg å lage noko av dei også... Bøkene er fra slutten av 1800 tallet, så hadde dei vore heile og fine hadde eg sjølvsagt ikkje vurdert å ødelegge dei, men dei er desverre ikkje i så god stand.



Bildet som ligger ved boka lå gjemt bak i eine boka, synest det var så søtt:)



Nå kjenner eg at eg begynner å glede meg til adventstid, og i mens sitter eg og koser meg med å lage ting til julemessa! Ha ein flott start på den nye veka:)


onsdag 6. oktober 2010

Lavendel såpe og kommode...


Lavendel såpa blei laga ferdig i går, og det var skikkelig gøy! Det gjekk ganske fort og resultatet er eg fornøyd med:)


Det som ikkje gjekk fullt så bra var posene eg skulle lage til å ha dei i. Planen var å lage små poser med strykemerker på og knytte dei saman med bånd, og planen var i grunn god den. Eg starta med å skrive ut strykemerkene med ned nye laser skrivaren vår... Og for dei som ikkje har prøvd dette kunststykket sjølv, så kan eg meddele at resten av kvelden gjekk til å pirke det smelta arket ut av skrivaren med pinsett! Anbefales ikkje:)

 Men no har i alle fall den nye kommoden vår komme seg på plass på soverommet og det var herlig å få litt meir plass til klær. Eg holder på å pusse opp nattbord og nye nattlamper kommet i hus, og om eg kommer så langt blir det egenprodusert sengegavl. Det er lov å drømme litt...
Ha ein flott onsdag:)

tirsdag 5. oktober 2010

Sengetøy med polkadotter...



I dag har eg gjordt eit kjempe kupp!! Eg har funne sengetøy med polkadotter, og bonusen var prisen som var på nette 20 kroner per sett:)


Sengetøyet fant eg på europris av alle steder, og i det eg skriv surrer det rundt i vaskemaskinen så det kan tas i bruk så fort som overhodet mulig!


Andre innkjøp som har funne stad i dag er såpe ingredienser, for siden eg laga lavendelhjerter i sist veka synes eg at lavendel såpe passa godt å ha saman med dei.


Og litt nye blonder er alltid gøy å ha, kva det skal bli dei er eg ikkje heilt sikker på! Men no skal eg prøva meg som såpekoker, det kan bli spennande...
Ha ein flott tirsdagskveld:)

søndag 26. september 2010

Lavendel hjerter...


Lavendel er ein nydelig blomst å ha i hagen om sommeren, og når sommeren er over klippes blomstene av, tørkes og gjør nytte for seg til annet bruk.



Her i huset har det blitt lavendel hjerter av dei, med blonder, bånd og lekker skrift.


Eg valgte å lage dei ganske så små og har ikkje vrangsydd dei, synes det er dekorativt samtidig som det går litt raskere...og det er jo ikkje å forakte;)


Så nå henger det 6 hjerter med velduftende lavendel på kjøkkenet mitt. Akkurat da eg sydde dei og jobba med dei var det faktisk litt i overkant mykje aroma som spredde seg, men det gav seg etterhvert...


Så om du har lavendel i hagen og enda ikkje har høsta den, kan det virkelig anbefales. Liker du ikkje å sy kan du lage flotte buketter av dei og ha blonder eller anna pynt på:)
Ønsker alle ein god start på den nye veka!

fredag 24. september 2010

Måke mens det snør...

For dei som lurer så har det ikkje begynnt å snø her enda, men plommene derimot er klare for å bli høsta. I år er me velsigna med store mengder plommer, dei henger som drueklaser i greinene og ser aldeles nydelige ut.


Eg har plukka ei stor skål og laga syltetøy, og meir skal det bli for det er det allers beste syltetøyet som finnes. Og så tilbake til måkinga...


I dag var tida kommet for den kjære helgevasken, og siden eg skal ha besøk i kveld så blei det rydda litt ekstra. Og om ein først begynner å sjå etter rot så er det heilt utrulig kva som finnes i kroker og krær. Og i det eg går der å rydder og rydder og rydder, får eg denne følelsen som ein får når ein måker mens det snør, det vil berre ingen ende ta!!! Til slutt blir eg enig med meg sjølv om at nok er nok, og avlutter ryddeaksjonen, og setter meg heller ned og blogger;)
Ønsker alle ei flott helg!

tirsdag 21. september 2010

Loppe makeover...

Så koselig at fleire er innom enda det har vore dårlig med blogging fra denne kanten lenge. Takk for kjekke kommentarer:) I dag vil eg dele eit loppefunn med dåke, som har fått ein liten makeover...


Har hatt så lyst å ha gavepapir og tilbehør framme, både fordi det pynter opp og litt for at det slett ikkje er så lett å oppbevare i ei skuff eller skap med sin fasong.


Kan jo nevne at her i Parkvegen så har me ikkje meir plass enn det me sårt treng, så de meste som blir organisert her har ein praktisk baktanke:)



Det lekre papiret har eg funne på spareland, og gråpapiret må alltid være der. Gråpapir og blonder er ein flott kombinasjon synest eg, eller litt røff hyssing på lekkert gavepapir som dette!


Ein liten snik titt på det som begynner å ta for i hyllene på kjøkkenet, dagane går berre så alt for fort...


Nå som høsten er kommet og alt er som det pleier, venter eg på lange mørke kvelder og god tid. Men eg er redd for at tida går like fort som ellers i året, og eg må nok ta det litt etter litt...
Ønsker alle ein fin tirdag:)

søndag 19. september 2010

Litt lilla detaljer...

Her kommer litt lilla detaljer fra mitt kjøkken i endring. Etter at eg fekk laga meg hobbyrom har eg lenge tenkt at eg skulle forandre litt i hyllene mine på kjøkkenet der hobby tinga stod. Nå er idèane satt ut i live og det begynner å ta form...


Lilla voksduk med polkadotter er kommet på bordet, praktisk og pent! Dei små dufteposene er så dekorative og pynter opp sammen med lysa.


Friske lilla blomster i ny vase, og berre for å forsvare blomstene så ser dei finare ut i virkeligheten...


Og lilla knotter på det nye skapet som har flytta inn:)
Så må eg få med eit visdomsord fra min datter på 6 år heilt på slutten. Ho satt så fint og perla på ei stjerne i ettermiddag da ho plutselig sa: "du kjem i grunn langt med godt humør!" Som om dette var noko ho hadde filosofert over ei lang tid, og det har ho gjerne gjordt også, ikkje veit eg...
Sant er det i alle fall, og med det vil eg ønske alle ein god start på den nye veka:)



fredag 30. juli 2010

Høstblomster...

Nå som ein del sommerblomster er over toppen og begynner å sjå litt stusselige ut, er det kjekt å ha noko nytt å friske opp med ute.


Eg har vore så heldig å få både desse lekre zink bøttene og blomstene i gave. Eg synest det var ein veldig flott kombinasjon med dei klare fargene og dei grå bøttene.


 Denne helga er det meldt grått og vått vær så eg har funne fram litt små prosjekter som eg håper eg får jobba litt med! Ønsker alle ei flott helg:) 

tirsdag 27. juli 2010

Regn utsatt...

Når eg sto opp og åpna persiennene i dag var eg klar for regn og ein dag innendørs. Men ute var det lettskya og til og med eit lite solglimt. Eg skynda meg inn på yr.no og sjekka og da hadde dei utsatt regnet til langt utpå dagen... eg berre tenkte "jippi då blir da maling!!" (Kanskje ein smule overdrevet...)


På med maleklær og fram med maling og kost. Nå er det jo slik at å male rekkverk ikkje akkurat er det som viser mest igjen, men derimot tar umåtelig lang tid å male og da gjelder det å holde motet oppe. Så til strofene fra bland anna "dancing queen" og "mamma mia" har eg svinga malekosten i dag og rettelig kosa meg:)


Eit steg nærmare ferdig og med nylaga skilt på veggen seier eg meg ferdig med dagens innsats, og tar ein velfortjent pause mens regndråpane tar seg av dagens vatnerunde i hagen.
Ha ein flott tirsdagskveld:)

mandag 26. juli 2010

Så kom sola...

Så kom sola til oss på vestlandet, og da er det berre til å sette alt inne på vent og nyte det så lenge det varer. På fredag feira eg bursdagen min med jentekveld ute på terrassen, det blei servert tapas etterfulgt av pannekaker, krem og jordbær. Og eg fekk bland anna dette koselige cafebordet, og flotte blomstene.


Ellers har me brukt helga på å jobbe med forskjellige prosjekter i hagen, og ein heil del avslapping i sola. Det er utrolig kor godt litt solskinn er for kroppen!


I dag har eg grunna litt forskjellig smått ute, og hadde store planer om å fortsette med maling i morgen, til eg såg værmeldinga.... Men eg trøstar meg med at dei lover at sola skal komma tilbake allerede dagen etter.

 

Nå skal det bli godt å krype i køyen etter atter ein dag i sola. Kanskje eg får nytte regnværsdagen til å fylle opp med ny gjærbakst i frysen for der er det ganske så tomt nå.
Ha ein fin dag:)

tirsdag 20. juli 2010

Regn, regn, regn....



En er en og to er to,
vi hopper i vann,
vi triller i sand.
Sikk, Sakk,
vi drypper på tak,
Tikk, Takk,
det regner i dag.
Regn, regn, regn, regn,
øsende regn, pøsende regn,
regn, regn, regn, regn,
deilig & vått,
deilig & rått!
En er en og to er to,
vi hopper i vann,
vi triller i sand.
Sikk, Sakk,
vi drypper på tak,
Tikk, Takk,
det regner i dag!
 

Her på vestlandet har det vore ein veldig regnfull dag, det har regna i eit fra morgen til kveld. No har skyene endelig gått tomme for vatn... Me har nytta dagen til å gå i bokhandelen og kjøpt penalhus, for her i huset er det ei som blir skulejenta om ikkje mange dager!


Det er nesten som eg ikkje våger å sei det høgt det enda, men eg har så vidt begynnt å lage litt smått til julemessa. Det er mest for at eg ikkje klarer å berre sitta pal og sola meg, så eg har hekla kluter i massevis i sommerferien! Dei skal dåke få sjå meir til ein anna dag...


No håpar eg berre at det snart blir litt tørrare i været for eg har stor planar mala litt ute, og så langt har det gått dårlig... Ønsker alle ein fin dag!

søndag 18. juli 2010

Sommarfest i hagen...

Når det vart tid for sommarfest på jobben hos min mann, bestemte me oss for å satse på fint vær og ha det ute i hagen på vår (nesten ferdige) terasse. Me leigde inn ein kokk som lagde alt maten og grilla til oss ,så vår jobb var berre å dekke bord og invitere gjestene.


 Det regna og regna dag etter dag, og me begynnte å vurdere kva alternativ me hadde tilgjengelige, men akkurat denne dagen bestemte værgudane seg for solskinn og varme og kvelden vart heilt herlig!


Me fekk servert marinert kyllingfilet, indrefilet av storfe, salater, foccacia m.m. og det smakte aldeles nydelig! Og etter grillmaten fekk me deilig dessert med appelsinfromasj og bringebærsaus.



Utpå kvelden når skumringens time kom og temperaturen sank blei det tent lys og delt ut tepper til gjestene.



Nå har regnet komme ned i bøtter og spann, og ein må faktisk hente fra slike bilder for å huske at det er sommer av og til her i vest. Men eg krysser fingarne for at me kan få sitte fleire kveldar ute på terrassen under eit pledd med tente lys på bordet og nyte sommaren før høst mørke kjem!
Ønsker alle ein flott søndag:)

lørdag 17. juli 2010

Sommar i Parkvegen...

Etter ein lang bloggpause og ein liten ferietur satser eg på å være tilbake i rute her på bloggen. No er batteria opplada og energien sprudler i kroppen, og da er det mange idèer som dukker opp og skal settes ut i live litt etter litt....Me har vore på Kaptein Sabeltann med våre små og trass i litt regn var det heilt supert for alle mann. Så i Parkvegen synges det viser fra Sabeltanns verden, og det er jo så fengende at det smitter alle i familien. Så her lyder det:


"Å for eit liv, for eit herlig liv, vi synger og skråler og ler...." og det håper eg virkelig at mange gjer, for sommer er virkelig ei herlig tid! Bildet er fra sommerfest i hagen, og mer om det kommer ein annen dag. Ha ein strålande flott sommerdag:)

søndag 16. mai 2010

Ei lita 17.mai helsing...

Som nevnt har det blitt lite aktivitet her inne på bloggen ei stund, men eg måtte innom for å ønske alle ein flott 17.mai! Har fått besøkt nokon av dåke, og gleder meg til å få tatt ein god runde her i blogglandia og besøke litt fleire. Men det er alltid kjekt ha noko å glede seg til:)



Siden eg er i det filosofiske hjørnet for tida så må det bli eit lite klokt ord i dag også...



Med dette vil eg ønske alle ein flott 17.mai og krysse fingrene for sol og varme!



søndag 2. mai 2010

Takknemlighet...

Nå har me komme til mai måned og tida farer av sted. Og nå som tida går så fort kjenner eg at det blir viktigare å ta seg tid til å være takknemlig. Til å sette pris på det man har og dei man har rundt seg.


Det er lett og ta for gitt det som man har rundt seg, så eg vil oppfordre alle til å legge merke til dei tinga i livet ditt som ikkje ville vore foruten. Dei små, kvardagslige tinga er ofte dei viktigaste. Når du ser etter trur eg du vil finne ganske mange ting, og ganske mange mennesker. Tenk kor heldig du er som har alt dette i livet ditt!!


"Lev kvar dag som det skulle vore den siste!"
Og da meiner eg verdsett det du har, som om det skulle vore siste gang du hadde det. Verdsett dei du har rundt deg, som om det var siste gang du hadde muligheten til å være med dei. Tenk over korleis dette ville endre hva du valgte å sei, og hva du valgte å bruke tida på!


Her i Parkvegen går me nok ei travel veka i møte, og i denne tida blir bloggen lite prioritert. Men om overskuddet er der når dagen er over og det blir kveld, kommer det gjerne eit lite innlegg...
Vil ønska alle ei flott ny veka, nyt tida og vær takknemlig for det du har i livet ditt!

søndag 25. april 2010

Våren er her for alvor...

Beviset for at våren er her står nå på bordet mitt!


Det er virkelig herlig å kunne gå rett utenfor døra og hente inn dei vakre blomstene, som seier at nå er våren her for alvor. Sjølv om det kanskje ikkje heile tida kjennes så godt på temperaturen ute...


Små buketter med kvitveis står rundt om i heile huset og pynter opp.


Me har no komme igjennom eit selskap med 10 viltre 6 åringer og det såg ut til at alle kosa seg, det gjorde i alle fall me! I dag er det eit langt roligere selskap med besteforeldre og oldemor, dei pleier ikkje å lage så mykje leven;)


Nå skal eg bake og stelle litt i huset til gjestene våre kommer.
Ha ei flott søndag alle saman:)