tirsdag 22. februar 2011

Fleecekjole på vei...

Som eg nevnte tidlegare har eg starta på sykurs og skal læra meg å sy klær. Det blir i hovedsak klær til dei små som skal syast. Og det første som blei påbegynt var ein lilla fleecekjole til jenta mi. Ein liten sniktitt på den kommer her.


Satser på å få denne ferdig før neste kursdag og håper da å få begynnt på anorakker  med mønster fra danske minikrea. Synest dei har så masse lekkert innen barneklær og så er det ikkje så alfor avansert å lage heller:)



Anbefaler å ta ein tur innom sida deiras, der finn du heile kollektionen og dei norske selgerene for mønstera finnes også der.
Ha ein fin fin dag!


tirsdag 15. februar 2011

Endelig...

...har eg fått eg meg badekar!! Eg har drømt om dette badekaret siden me satt og tegna inn romdelingene på huset. Men me har ikkje heilt klart og bestemma oss for om me skulle vera praktiske og sette inn dusj eller om me skulle ha badekar på gjestebadet.


Siden me har dusj på badet på hovedbadet, klarte me omsider å bestemma oss for badekar. Og da var eg ikkje det minste i tvil på hvilket badekar eg skulle ha!


Badetkaret kommer fra Hafa og har ein lekker form og  løveføtter i krom. Blandebatteriet i samme stil er fra samme leverandør.


Det var ein aldeles herlig opplevelse å kunne tappe i det for første gang og senke seg ned i det velduftende badevannet med ei god bok.


I taket over badekaret henger det telysholdere som skaper god stemning mens man slapper av i badevannet!
Ønsker alle ein fin start på den nye veka:)

søndag 13. februar 2011

Gratulerer med dagen!

Gratulerer med dagen til alle mammaer der ute:)
Det er mange tanker om kva morsdag er, og om det er i det heile tatt er nokon vits i å markere det. For meg er morsdagen ein spesiell, å våkne av to veldig spente små som heilt på egenhånd har laga dei skjønnaste kort og som lurer på om mamma liker dei? Noko som er heilt selfølgelig, eller "seff" som mi litla jenta på 6 år lærte meg i går...! Det betyr masse at man gir uttrykk for at "eg er glad i deg, du betyr noko spesielt for meg!" Tida som familien setter av til kvarandre på slike dager, det er meir enn gull verdt for eg! 


Og ein spesiell gratulasjon til min egen snille, gode mamma. Eg er veldig gla i deg:)


Derfor har vi mødre

Da mødre ble til

var tanken ganske klar

For mødre har no' i seg

som ingen andre har



De øser av sin omsorg

og deler alt de vet

Og viser deg at livet

er håp og kjærlighet



Derfor har vi mødre

og dersom du spør meg

Den beste mor i verden

det er nettopp DEG!



-Jan Pashley-




Sjølv har eg klart å bli sjuk til morsdagen kom, og har største delen av natta sitte å tviholdt på ei bøtte og synest synd på meg sjølv. Så frokosten som var laga spesielt for ho mor, måtte eg desverre stå over.
Coca Cola og rista brød står på menyen for meg i dag!
Ha ein flott søndag:)

fredag 11. februar 2011

God helg...

Ville berre innom i dag for og sei god helg til alle sammen. I Parkvegegn har det vore ei veldig travel veke, masse kjekke ting men det tar litt energi likevel, så i kveld skal eg berre slappe av på sofaen og drikke te:)


Eg har blandt anna starta på sykurs denne veka og det var veldig kjekt. Så no blir det forhåpentlig litt sying på meg fremover, den første fleece kjolen til jenta mi mangler berre nokon få saumar så er den klar:)
Ha ein flott fredagskveld folkens!

lørdag 5. februar 2011

Lekre farger...


Eg gleder meg like mykje til kvar gong Amy Butler kommer med nye kollektioner, det er alltid fargerikt og med masse lekre design og mønster. I den nye kollektionen er det i tillegg kommet fleire mønster på kjoler i gammel stil, og fleire kule vesker og puffer. Her kommer eit bilderas fra Amy Butler sin vakre verden, og om du vil sjå meir kan gå inn her. Enjoy!











Da vil eg berre ønska alle ein flott lørdagskveld:)


torsdag 3. februar 2011

Ein liten oppmuntring på en grå dag...

Alle først eit lite glimt av stemingen i stova i går, det var deilig å berre slappe av og koble ut alt. Med levande lys, ro og varme (nesten litt i meste laget utover kvelden...) er batteria lada opp igjen. Det er ikkje alltid så mykje om skal til, men eg trur det er viktig å ta det litt med ro mellom slagene. Det er ei travel tid me lever i!


Så til oppmuntringen... Det her har ikkje noko med interiør å gjera, heller ikkje hobby eller matlaging, men kanskje hverdagsliv... Det er ikkje det eg vanligvis skriv om, men det fanga min oppmerksomhet ubevisst ein dag og fekk meg til å gå å nynne uten at eg var klar over kva det var eg nynna på... Det kjem av at min familie, som liker veldig godt å søke opp forskjellige ting på youtube, hadde spilt denne sangen om og om igjen. Då eg fekk sjå kva eg gjekk å nynna på måtte eg trekke på smilebåndet:)


Så om eg har ein grå dag eller berre er litt sliten så er det gull verdt å finne frem denne, etter å ha sett den er det uten tvil eit smil på leppene mine. Så enkel og barnslig er eg, og heldigvis for det!
Håper den kan hente frem eit smil hos deg også:)

onsdag 2. februar 2011

Mosehjerte...


Ved inngangsdøra mi henger dette flotte mosehjertet, det har eg fått i gave av ei god venninne og det gjer at eg set ekstra stor pris på det. Når eg ser hjertet minner det meg om vennskap, det er rart kor avhengig me er av dei me har rundt oss i kvardagen for å få føle at alt fungerer som det skal...


Hjertet heng på ein søt liten katteknagg, som allerede var på huset da me kjøpte det. Kunne godt tenke meg å fått tak i fleire slike, men har ikkje funne dei nokon plass...



Synest det er kjekt med pynt som kan være ute heile året, og tåler både frost og ruskevær. Det er tross alt ein del av det her på vestlandet:)


Nå begynner endelig varmen fra ovnen å bre seg rundt om i huset, og eg har store planer om å gjera minst mulig i dag. Det har vore ei hektisk veke, og nå skal det bli deilig med ein rolig kveld heima. Uansett om  du har store eller ingen planer for kvelden, håper eg du får ein flott onsdagskveld:)

tirsdag 1. februar 2011

Kule klogger...

Eg har lenge hatt lyst på slike kule klogger som er å finne rundt om nå, gjerne i interiørbutikker. Ikkje berre er dei lekre å sjå på, dei har også ein såle som er god både på og for foten.  Slike klogger finnes blant anna i merket Calou clogs og kan da se slik ut:




Eller A.nordin og ser da kanskje slik ut:




Eg synest desse kloggene er veldig kule og så passer dei like godt til hverdags som til fest (kanskje ikkje akkurat bryllupsfest da...!) Haken er at de koster ein god del, som vil sei rundt tusenlappen, og så kunne eg godt tenke meg å fått sett på og prøvd litt forkjellige når eg skal kjøpe. Derfor har eg foreløbig enda opp med desse kloggene:




Som er å finne på Ellos sine nettsider her, til den nette sum av 299,- og nå skal det seiast at her er det nok ein vesentlig forskjell i kvaliteten på desse kloggene, men søte var dei i alle fall:) Så mens eg drømmer om eit par "ekte" klogger, gjer desse god nytte som erstatning!
Ha ein fin tirsdag:)