fredag 29. januar 2010

Helg igjen...

Med duften av nybakt og blomster som aldri dør toger helga inn her i Parkvegen.


Og i dag har eg baka pizzasnurrer til fredagskos, og med det samme eg var i gang fekk eg satt ein brøddeig også, så det blir nybakt brød på dei som er heima til kvelds. Men det er ikkje eg for i kveld er det klubb, og det er lenge siden sist nå så eg gleder meg litt ekstra til det. Ein herlig kveld med god mat og gode venninner:) 


Men nå må eg komme meg i veg om eg skal rekke klubben!
Ønsker alle som er innom ein herlig fredagskveld:)

torsdag 28. januar 2010

Ferdige hjerter og nytt prosjekt på gang

Og så var alle hjertene blitt ferdige!



Siden dei blei ferdige i dag fekk eg tatt med eit i gave til ei venninne eg var i sjukebesøk hos. Ho likte det så godt at ho ville gjerne ha begge dei rosa hjertene:) Gjett om eg blei glad, eg er alltid spendt når eg gir vekk gaver eg har laga sjølv, og blir veldig glad når dei faller i smak!



Denne søte lille trebøtta fekk eg av venninna mi, den mangla hank og var ikkje lenger i bruk. Eg har laga den litt shabby og fletta ein hank i hampesnor og nå skal den brukes til å oppbevare sysaker på arbeidsbordet mitt. Så får den kanskje litt meir pynt eller noko skrift etterkvart:)



Eg nevnte at besto mi skulle leite etter mønster til meg og ho fant litt av kvart på loftet, her er ein liten smakebit....

Ein hjertelig idè:)

Plutselig kjem ein idè ralmende ned i hodet mitt, og akkurat kor inspirasjonen kjem fra er ikkje godt å sei..... Men før den spring vidare skundar eg meg å skissa den ned på eit papir og slik blei dette hjertet til:)



Siden eg aldri klarer å lage berre ein av kvar ting, blir hjertet laga i tre fargevarianter og med to forskjellige skrifter på, "bad" og "wc". Det er berre eit som er heilt ferdig, men dei andre er godt på vei dei også. Bokstavene er trykket ut i forskjellige tøy og er så strøket på, sløyfa kan ein ha oppe slik bildet viser eller det kan flyttes ned i kanten av hjertet (slik at det ligger over Aen om du skjønner?)



Her kan du sjå dei andre fargane på hjertene som ennå er underveis...Bilder av det ferdige resultatet kommer om litt. Ha ein hjertelig god dag:)

tirsdag 26. januar 2010

Lunsjbesøk og litt nytt...


I dag har eg hatt ei god venninne på lunsj besøk, og da må man jo servere noko godt. På menyen stod det wraps med ost og skinke og det smakte.



Lunsjen kunne eg servere på serveringsbrettet som eg har pynta med litt skrift, planen var å bruke det i den nye headeren, men det er jo ikkje alt som går etter planen...



For som du kanskje har lagt merke til så har eg forandra litt på bloggen, nå har eg også fått tre kolonner, og ny header(litt must da siden den gamle ikkje passa i str lenger..) Det tok litt tid for eg rota det til, men det ordna seg jo til slutt! Håper det blei ein forandring til det bedre, eller kva synest du?

mandag 25. januar 2010

Gløder i mørket

Nå står lysposene med tente lys i og gløder i vinduet, synest det er så godt med det varme lyset som skinner fra dei:)



Det har ikkje vore den store dagen for Sara sydame i dag, for i dag var det heller ei vaskedame det var bruk for i heimen, og gjett hvilken dame som fekk den jobben? Jepp det var sjølvaste Sara sydame, det går opp og ned her i livet.....hehe;)



Da er det fint å kose seg med tente lys og ryddig hus når kvelden kommer! Ha ein herlig start på den nye veka alle saman:)



søndag 24. januar 2010

Sara sydame med glimt av vår...

Eit glimt av våren står på bordet i stova og minner om det som finnes eit sted under snøen. Nå har snøen ligget så lenge at eg gleder meg til å sjå igjen bar bakke igjen. I mellomtida får eg nøye meg med blomstene, men det er i grunn ein god erstatning:)



Eg har fått heilt dilla på å sy, så her er symaskina nesten blitt ein del av interiøret. Den blir ikkje pakka ned mellom kvar gang den blir brukt, men så blir den brukt fleire ganger til dagen også da;) Av lakenet eg kjøpte har det blitt lysposer med blonder på.



Veskene kommer i fleire fasonger, farger og størrelser og ingen blir nok heilt like. Det dukker stadig opp nye idèer om korleis dei skal bli, men det er jo variasjonen som er spennande, det og heile tida prøve og lære noko nytt!



Men nå melder Sara sydame seg ut av sy klubben ei stund for å tilbringe dagen med familien, og kjenner eg meg rett mønsterer eg nok på igjen i løpet av kvelden...Eg er redd eg kommer inn under det ein kaller eit håpløst tilfelle!
Ha ein flott søndag alle saman:)


lørdag 23. januar 2010

Gammel håndarbeidsperm

Da eg var på gjenbruksbutikken på torsdag fant eg også ein håndarbeidsperm fra gammelt av. Der finners alt det er/var å vite om håndarbeid, den er delt inn i kapittel som heiter søm, brodering, hekling, stikking og hjemmeinnredning. Og der finnes alle grunnregler og masse nyttige tips.



I permen var det også ei plastlomme som inneholdt masse bilder og forklaringer på gamle mønster, det var det masse stilige klær og finne. Nå jobber eg med å finne ut hvilke som er mønsterark til, for det var eit salig rot så det er berre å prøve å pussle det sammen...



Her er ein del kjoler som eg gjerne kunne tenkt meg å sydd men det har ikkje dukket opp mønster til desse enda. Eg nevnte permen for min bestemor og hun trodde hun hadde nokon mønster etter hun hadde sydd klær, så det blir spenande og sjå kva ho finner:)



Her er bilder av permen min, og det er virkelig moro å sitte å lese i denne, tror det kommer til å dukke opp fleire gode ideer her. Ha ei fin helg alle saman!

torsdag 21. januar 2010

Something old, something new...

Var på gjenbruksbutikken i dag og der fant eg som vanlig litt smått, har i grunn tilgode å gå ut tomhendt... Og i dag var det blandt anna dette skjønne putevaret som blei med heim, eg hadde faktisk eit akkurat make da eg var liten! Det er vel til hodepute, men her skal det være i tv-stova.



Eg fant også eit lite fat som eg tenkte kunne brukes til lysfat eller berre dekor. Og så var det eit gammelt kvitt laken med ein blå brodert bokstav på. Vet ikkje heilt hva det skal brukes til, men til 10kr kunne eg da ikkje gå fra det....



Nå er gardinene til tv-stova endelig sydd opp, og eg har ei gul veske som er klippet ferdig og er klar for symaskinen så der blir eg å finne i dag. Ha ein flott kveld!

onsdag 20. januar 2010

Vårlig tøyveske

Da var den første veska klar! Det var skikkelig gøy, for eg klarte å lage den uten å gjera noko feil:) Har nemlig lett for å bli litt ivrig og hoppe eit trinn og to og da blir det ofte feil...



Denne veska skal eg ha strikketøyet mitt i, og derfor har eg også laget strikkepinneetui som passer til. Det er laget ut fra mønsteret  til Pickles og finnes her.



Veska fant eg ei veldig grei trinn for trinn forklaring på denne bloggen og har berre gjordt ein liten justering på måla. Neste prosjekt er ei solgul strandveske:)
Ha ein herlig onsdagskveld!


tirsdag 19. januar 2010

Tøy kupp!!

I dag har eg vore på salg og kjøpt inn tøy. Det var desverre ikkje meir igjen av dei eg var på jakt etter, men eg fant "litt" likevel.



Eg har planer om å bruke tøyet til å sy bæreposer/ vesker. Har funnet litt forkjellige typer på nettet og tenkte å lage ein mal ut fra det. Så eg veit ikkje heilt korleis dei skal bli, men dei skal ha to farger det er sikkert:)



Kjøpet er gjordt på Kid som nå har restesalg med 70% på masse varer. For desse 13 lengdene med gardiner betalte eg litt over 300 kroner, og det må eg sei eg er veldig fornøyd med!!



Nå skal eg prøve å lage ein mal til den første veska før Grey`s begynner!
Ha ein fin kveld:)



søndag 17. januar 2010

Mamma kan eg få...?

Har vore heima hos mamma på besøk og nokon ting er eg redd aldri forandrer seg. Når man liten og er med mamma på butikken er det som regel godteri eller leker:" mamma kan eg få vær så snill?"
Men det einaste som forandrer seg er hva som frister og nå som man er eldre..



Nå skal det sies at det er ikkje fullt så ille nå som da, det er ingen hyling og skriking. Men det er likevel samme spørsmålet... Så av min søte snille mamma har eg nå fått nokon aldeles skjønne hekleduker:)
(Viss nokon synest eg høres grusom ut så kan eg sei at dei var pakka vekk i ei eske og blei ikkje brukt lenger!)



Her som hos veldig mange andre fyres det for å holde varmen, og det er det flere i huset som har glede av. Foran ovnen hos oss ligger denne skjønne skapningen og koser seg, og er den ikkje der er den mest sannsynlig ved matskåla si:)



Tv-stova kommer seg sakte men sikkert, men det er litt som gjenstår enda... Går visst ikke så fort med meg!
Ha ein fin kveld, ønsker alle ein god start på den nye veka!

onsdag 13. januar 2010

Ein sniktitt på den nye tv-stova

No er me komme i gang med den nye tv-stova og her er ein liten sniktitt på korleis det kommer til å bli. Liatorp sjenken er montert og er kommet på rett plass, ingenting er koblet saman igjen så det er fint lite som fungerer som det skal.



Var innom på Kid i dag for å sjå etter nye gardiner, for nå som me går våren i møte er det deilig å slippe inn lyset. Og eg var heldig og fant nokon som eg likte veldig godt og som i tillegg var i hylla med skiltet nedsatt 70%, det er først moro det:)



Her viser det før og etter bilder av tv-stova. Og berre for å få det på det reine så er ikkje høytalerene mine, men min kjære mann sine. Nå har eg forhandla ganske lenge for å bli kvitt desse, uten noko hell i det heile tatt! Og derfor har det tatt meg ei stund å finne noko som fungerer saman med desse nette (les: enorme) høytalerene, og det har stått slik som ein midlertidig løsning ganske lenge:)



Men det gjenstår enda litt her og der, hyller skal skrues opp og gardinene er litt for lange, så det vil bli oppdatert med nye bilder etterhvert. Ha ein flott dag!

mandag 11. januar 2010

Vårfølelse

Her har det kommet inn vårfølelse i huset. Det er ein deilig tanke at under snøen ligger planter som venter på å spire når snøen og kulden går over i vår og varme solstråler.



Helga har vore alt anna enn normal, nokon har vore bortreist, me hatt overnattingsbesøk og det har vore full fart heile tida, så tv-stova har måttet vente. Og nå har eg ei lita som er sjuk så det må nok vente enda litt lenger... Men det blir når det blir, det viktigeste var å få det i hus.



 Me har lenge diskutert om me skal ha dusj eller badekar på badet nr 2 og har enda ikkje kommet fram til noko. Men så såg eg dette i Hafa sin katalog, og var ikkje det minste i tvil, dette MÅ eg ha. Så da er det berre igjen å overbevise mannen i huset om det samme:)
Ha ein fin dag alle saman!

torsdag 7. januar 2010

Snartur på Ikea

I dag her eg endelig fått vore på Ikea og det har eg virkelig gleda meg til!! Det er eit stykke fra oss og til nærmeste Ikea så derfor er det ikkje så ofte me er innom der. Men når det kommer til smarte løsninger så kommer ein langt med kronene på ikea:)



Og da skulle man jo tro at eg hadde vore der i timesvis og kosa meg, men nei! Denne dagen var det andre ærend som var viktigare nemlig bilkjøp, og Ikea var berre ein bonus, så det heile var imponerande nok over på 15 minutter!!! Hadde skrevet handlelista sirlig på forhånd og gjekk veldig målretta uten å vike fra den eit eineste sekund...Slå den:)



Dette er smakebiter av det som skal bli den nye tv-stova vår, i den store pappeska er det ein Liatorp sjenk og den skal fungere som tv benk. Har leita ganske lenge etter noko med dei rette måla og da eg fann denne var eg ikkje i tvil!



Så nå er det berre til å kaste seg ut i det og begynne å montere. Wish me luck:)
Ønsker alle ein fin dag!

tirsdag 5. januar 2010

Velkommen til kvardagen

Nå er me komme nesten ei veka ut i det nye året allerede, og det er deilig å kjenne at kvardagen er der igjen. Me har noko flotte men veldig, veldig kalde dager no, og alt i huset som gir fra seg varme er høyst verdsatt:)



Eg har begynnt å pakke vekk jula og eg må sei det blir litt stusselig! Så i morgen er planen at det skal kjøpes inn litt blomster. Dei kvite juleblomstene skal få stå til dei er ferdig blomsteret, julestjernene tok kveld så det ordnet seg sjølv...



Heldigvis har eg fått ein nydelig orkide av min svigermor, så den pynter opp i den eine vinduskarmen.



Eg holder på med nokon små hekleprosjekt til ei venninne, og baby teppet begynner også å ta form. Ha ein fin kveld alle saman, og hold dåke varme i kulda:)

lørdag 2. januar 2010

Godt nyttår alle saman!

Og så var jula over for denne gang, tida flyr og for sikkerhetsskyld har denne søte snømannen passa på klokka hos oss, så den ikkje går fortare enn den skal. Det har vore stille her på bloggen, men i heimen har det ikkje vore det. Her har vore full fart og masse kos heile romjula.



Nyttår feira me saman med venner og me starta med akedag og grilling av pølser ute i det fri. Det var eit fantasktisk vær og bålet varma godt i vinterkulden. Etterpå var det kalkun middag i ei varm og god stove. Det hender nyttårsafta kan bli litt lang med trøtte barn, men i år hadde me det så koselig at me fekk nesten for lite tid til alle aktivitetene me hadde lyst til:)



Når ein har vore ute i  denne flotte vinterkulden er det godt å sette seg ned foran ein varm og god ovn med strikke tøy. Og her kan dåke sjå mine siste prosjekt. Barna fekk seg puffer til jul og dei blei ferdige i siste liten, siden dei måtte lages etter barnas leggetid. Oppskrifta på dei finner du på Pickles sine sider her. Og nå har eg begynnt på eit babyteppe til ei venninne, også oppskrift fra pickles, det heiter "på veg helseteppe." Eg har valgt å bruke Alpakka fra SandnesGarn siden dette er til ein vinterbaby og det fungerer veldig fint. Har ikkje kommet så veldig langt enda så det kommer fleire bilder etterkvart.



Det er deilig med jul, men nå skal det bli godt med kvardag igjen også. Synest det er godt når ting roer seg ned igjen og man får tid til å bli svolten mellom måltidene:) Vil ønske alle eit riktig godt nyttår og ei fin helg!