søndag 27. desember 2009

Julegaver og romjulskos:)

Nå er juleafta over og dagene går i juleselskap og mat og enda meir mat. Alt me har baka og fått i hus må no brukes opp, og det er jo ikkje så reint lite, så me må eta ofte og mykje og har aldri tid til å bli svoltne. Og så etter jul skal alt trimmes av igjen...Og dette gjentar me snodig nok år etter år:)



Lys er ein viktig del av jula og eg har brukt norgesglass som lykter på trappa. Dei står og lyser så fint på dei mørke desemberkveldane:)



Her er nokon av julegavene mine og desse støvlane har eg ønska meg lenge, no er det slutt på kalde og våte føtter i snø- og regnvær! Det flotte sjalet fekk eg av ei god vennine og det har ho hekla sjølv, synest det er så kjekt med gaver som er heimelaga:)



Dette buret fekk eg også til jul og det er så lekkert. Det er så gøy å få slikt som man virkelig liker:) Bildet under er ei lita oppgave og den heiter finn ein feil:



Dette er eit påfunn fra min kjære som har pynta litt her og der på egen hånd... Halmbukken (som han så aldeles ikkje liker) fekk han i adventakalenderen av meg (hehe) og hevnen har stått og venta i ein orkidè heile jula og vart oppdaga først i dag, må sei eg fekk meg ein god latter:)
Ha ei herlige romjul alle saman!

søndag 20. desember 2009

4. søndag i advent

Så var me kommen til den siste søndagen i advent, tida har gått fort men det er likevel godt å tenke på at det ikkje er lenge igjen til juleafta. Her på vestlandet våkna me opp til "winter wonderland" lørdag morgen og ønsket om å få ei kvit jul er ikkje langt unna å gå i oppfyllelse no...



Fleire julehelsingar er laga og denne varianten er sydd, heilt enkle poser med dekorativt bånd på. Lin og rødt er så flott saman synset eg:)



Her vises litt av det kvite landskapet utenfor huset, og som dåke sikert skjønner så innebærer dette ein del måking av snø. Så me har brukt store deler av helga vår ute med snøskuffene våre, mens ungene har kosa seg i snøen.



På trappa har me pynta eit lite tre, eller ein liten busk ungane fant i skogen bak huset... Den gjer i alle fall nytta si, står der å ser fin ut med engler og kuler på. Og nå har den fått eit naturlig lag med snø på toppen:)




Vil ønska alle ein fin 4.søndag i advent og ein god start på juleveka:)

torsdag 17. desember 2009

Valgets kvaler...

Nå holder eg på med desse små julehelsingane til venner og kjente, og da er det koselig å lage det litt fint til. Desverre fant eg berre to slike poser så resten må nok bli ein anna variant... Men denne måtte bli ferdig i dag så da blei resultatet slik. Hjertet er av bjørkebark og var berre så dekorativt, så fleire ligger klar til pynting rundt om i huset.



Og så var det vanskelige valg.... Som nevnt tidligare venta eg på nokon klær fra Dundelina som Monica, Dundeline klærnes mamma, skulle komme innom med. Da ho kom hadde ho med seg ein pose med klær som me kunne låne og prøve her heima i ro og fred. Utrolig herlig!!!



Så nå kan eg (med tillatelse fra Monica) få vise frem det eg fekk låne, her får du sjå nokon av detaljene også. Om du ser etter så ligger det nokon poser med mini bamser, desse kan barna henge på klærne saman med broderingene for der er det laget små løkker til oppheng. Og det var i alle fall populært her i huset:)



Desse klærne er fra ein tidligere kolleksjon og har tema verdensrommet og havet. Og snart kommer vår og sommer kolleksjonen også og eg er spent på det som venter der. Når jula er over er liksom sommeren det neste store høydepunktet! Eg har fått sett ein liten, liten smakebit og det var i alle fall lekkert kan eg røpe:)



Nå var det berre å velge igjen da....Egentlig så er det vel opp til min søte lille for bestemte meininger mangler det ikkje, det er berre at det varierer veldig hva dei er;)
Ha ein fin desember dag!


onsdag 16. desember 2009

Ein hilsen i natten...

Nå har mine stusselige julestjerner vart i nesten to veker og er ganske klare for utskiftning. Har aldri hatt julestjerner som har holdt ut så lenge, så kanskje eg skal prøve meg på ei litt større og flottere og håpe den holder til jul;)



Dagene går i avslutninger og juleforberedelser, men nå som gavene er i boks er det berre kos:) Har tenkt å bake litt dei neste dagene for det er deilig når det lukter nybakt i heimen, men dagene går fort nå så det får bli som det blir...jul blir det uansett!



Ellers er det kommet fleire klær i hus til mi søte lille, så meir om det blir det i morgen.
Ha ei god natt!

mandag 14. desember 2009

Julekjole til prinsessa

Nå er julekjolen til jenta mi kommen i hus, og den er berre sååå herlig. Kjolen er av lilla kordfløyel med broderinger og perler på kanten nede og er av merket dundelina. Den er fra høst/vinter kolleksjonen og du om du vil sjå meir finner du det her.



Eg har berre sett bilder på blogger og nettet tidligere og har likt dei veldig godt, men det skal seiast at dei er enda finere i virkeligheten for det er mange søte detajler som forsvinner på bildene. Eg var så heldig å snubla over klærne på eit julearrangement like ved, eg kikka og prata i vei med selgeren om kor flotte klær det var og så viste det seg at det var sjølvaste designeren eg stod og prata med, og faktisk så viste det seg også at me er så godt som naboer...verden er ikkje stor!



No venter eg i skrivande stund på det andre antrekket eg kjøpte til jenta mi, for det hadde ho ikkje med seg i hennar størrelse da eg handla kjolen, så ho skulle komme innom med det til meg, snakk om luksus:) Så bilder av det neste antrekket kommer seinare...
Ha ein flott kveld folkens:)

lørdag 12. desember 2009

Tilda hjerte og solstråler

Her på vestlandet har det vore eit heilt fantastisk vær dei siste to dagene med frost og klart vær. Da sola gjekk ned i kveld eller ettermiddag blir vel mest rett å sei, såg det slik ut. Det gjer så godt med desse solstålene nå i denne mørke tida, så godt at eg til og med overser alle hybelkaninene som blir veldig synlige, og berre nyt lyset og varmen:)



Min søte lille datter på 5år hadde så lyst å sy noko i dag, og det ho ville sy var eit tilda hjerte med vinger. Da kunne eg berre ikkje sei nei... Ho har valgt ut tøy og bånd sjølv, tegna og klippa, men da det kom til sying måtte ho ha litt hjelp. Eg har hatt fingeren på av knappen, og hjalp til med å sy der det var mest svinger. Eg synest ho klarte seg veldig bra, og er så stolt som berre det:) Hjertet skal bli ein gave, men det er ikkje bestemt kven som skal få det enda....



Nå skal det lages tortilla til kveldsmat, og forhåpentligvis får eg sydd noko sjølv også seinare i dag. Ha ein flott lørdag:)

torsdag 10. desember 2009

Kos og kaos

I dag har me hatt den store julehandelen og nå er eg heilt utslitt... Det er kos å handle men akkurat på denne tida er det liksom litt meir kaos enn kos;)




Mosaikk hjerter er kommet opp i vinduene, det er så fint når dei snurrer rundt og lyset glitrer i speilet. Syprosjektene mine er det blitt dårlig med dei siste dagene, for barna i huset har ønska seg strikka puffer til jul og dette må jo gjerast mens dei små sover. Desember er jo måneden for hemmeligheter!




Litt meir pynt fra vinduskarmen, har blitt heilt hekta på mose så det er å finne fleire steder i huset. Lysglassa er vel egentlig slike som skal flyte, men dei virker like godt til bruk i dekorasjoner. Nå må det pakkes inn julegaver så det forblir ein hemmelighet til juleafta.
Ha ein flott desember kveld folkens:)

mandag 7. desember 2009

Skjulte skatter...

Som eg nevnte i går så har me vore på julebakst hos ho mor i dag. Så nå har me komme til 4 av dei 7 slaga ein skal ha. Akkurat kor mange det blir her i huset vil tida vise, men det er jo noko spesielt med tallet 7 og i nøden teller eg kanskje med pepperkakene eg har kjøpt også...



Men en skjulte skatten kom fra bokhylla til mamma, ho hadde funne ei bok som ho hadde fått i ein hobbybok klubb for lenge siden. Og dette er altså ikkje blitt nevnt for meg før...? Men nå skal det seiast at grunnen til at ho var med i klubben var ikkje hennar store interesse, men heller ein selger som ringte forholdsvis tidlig på morgenen ein fridag... Har dårlig erfaring med dette sjølv også, men desverre for meg enda eg i ein krimbok klubb!



Boka har eg lånt med meg på ubestemt tid, og her er den allerede blitt studert med lupe. Maler er tegna og tøy og symaskin er funne fram. Så her er det berre å velge og vrake i engler, snømenn, hjerter, m.m.
Ønsker alle ein fin mandagskveld:) 


søndag 6. desember 2009

Så tenner vi det andre lys!

Då var me komme til den andre adventshelga allerede. Det er ei fin tid og den må berre nytes for det går alt for fort. Og endelig har eg fått laga ferdig adventslysa mine...



Nokon vil kanskje tenke at det var eit rart resultat, siden eg viste utgangspunktet tidligere og det såg slik ut. Men da kan eg til mitt forsvar sei at det er slett ikkje unormalt med slike brå endringer her i huset, her sikftes det meining på vei ned trappa og gjerne opp igjen også!



Her i Parkvegen har me hatt ei herlig helg med familiekos i sentrum, og det er ekstra godt i desse travle tider. I morgen skal eg og mi litla jenta på julebakst heime hos mamma, så her blir det berre enda meir kos. Ha ein fin søndagskveld og nyt tida saman med dine kjære:)




fredag 4. desember 2009

En stjerne skinner i natt...

Nå har endelig julestjerna kommet på plass i vinduet i parkvegen. Eg hadde lyst på ei STOR advendtstjerne og hadde derfor planer om å lage ei sjølv, men så fant eg denne stjerna og den likte eg veldig godt!



 Den ser kanskje ikkje så stor ut på bildet, men den måler 1 meter i diameter så den viser godt igjen i den doble terrassedøra vår.



På kjøkkenet er det komme opp rød liftgardin og kjøkkenhylla har fått julepynt på knaggane. Synest det er koselig å pynte litt etterkvart så her blir det litt meir jul for kvar dag.



Eg har lenge jakta på eit lite spann til skittentøy på kjøkkenet og i går fant eg akkurat det rette. I tillegg passa det kjempefint inn i det julepynta kjøkkenet mitt.



Eg har enda ikkje somla meg til å laga adventslysa mine klare, men nå skal eg i alle fall prøva å få gjort det så me kan tenne to lys på søndag. Tenk at det blir andre søndag i advent allerede...
Ha ein flott adventshelg alle saman:)

torsdag 3. desember 2009

Puff, tøfler og trådløstsurr....

Så blei puffen endelig ferdig og resultatet blei slik:



Eg har laga puffen i ein litt anna fasong enn orginalen, både frivillig og ufrivillig... Å brette ei dyne så den blir rund som ein ball??? Det var meir vrient enn det høres ut som, og så eg har hatt isoporkuler inni  saman med ei dyne i stadenfor to dyner. Er bra fornøyd med resultatet likevel:)




Og så må eg berre vise dei skjønne tøflane eg har kjøpt til min søte lille datter. Dei kjem fra Accessories og der var det mykje anna som frista også! Dill og dall i sukkersøt og lekker utforming, bedre kan det ikkje bli. Men på grunn av plass mangel fekk eg berre kjøpt desse... Man burde fått hatt dobbel så mykje håndbagasje på fly:)



Og siden ho går på sommerfugl gruppa i barnehagen så passa det veldig bra med akkurat desse tøflane. Om du ser godt etter så er det faktisk polkadotter i det grå tøyet:)




Og så var det trådløstsurr..... Det fine med trådløse ting er jo at man slipper alle desse ledningene. Men når noko uten ledning ikkje virker, kva gjer man da??? Det er jo ingen ledning man kan sjekke om er i? Og om det ikkje hjelper å bytte batteri så er eg rimelig tom for idèer. Så no får eg ikkje blogga, for mitt trådløse tastatur har satt den sure sida til og nekter å vise ein einaste bokstav på skjermen... Og da kommer man ikkje så veldig langt. I dag har eg smiska med den bærbare pcen som det så vidt er liv i,  men som virker for den med god tid og masse tålmodighet (les ikkje meg) og har defor fått gitt eit lite livstegn fra meg her på bloggen. Så håper eg at eg får godsnakka med tastaturet og er på plass igjen snart. Ha ein flott dag:)