lørdag 24. desember 2011

Julehelsing...



Vil berre innom for å ønske alle ei velsinga julehøytid! Håper alle får ei flott feiring saman med sine kjære. Sender ein ekstra tanke til dei som har mista nokon av sine kjære, og som no går ei annaleis jul i møte. Livet er ingen selvfølge, hver dag me får er ein gave. Vis at du set pris har rundt deg, er du glad i nokon så la dei få vite det:)

God jul alle saman!

mandag 19. desember 2011

7 sorter til jul...


Det har jo alltid vert slik at det må være 7 sorter i kakeboksene til jul! Om det er bevisst eller ubesvisst så har det alltid blitt minst desse 7 sortene...men etterkvart så merker eg at strekker meir og meir i definisjonen av kva desse 7 sortane skal vera.



Om det blir 7 sorter med rubbel og bit av alt som er laga til jul er heller usikkert. Eg har funne ut at desse kjeksa som eg driver å baker på faktisk er aller best før jul! I jula så er me proppa med julemat av alle slag, og kva tid me skal finna fram julekjeks er eg jammen ikkje sikker på...



Så i år har det blitt dei aller mest nødvendige julekjeksa og heimalaga konfekt:) Det var utrolig kjekt å lage og smaker godt ved siden av ein kopp kaffi eller te, om man så er ganske mett! Så kommer vel jula enten det er kjeks eller konfekt i boksane mine:)



mandag 12. desember 2011

Juleverkstad...


Då hadde me allerede passert den tredje søndag i advent og jula kommer mot oss med raske skritt. På fredag var eg på juleverkstad saman med klubbjentene mine, me fekk god mat, hadde pakkelek, og til slutt laga me kransar, hjerter og pynta sviblar:)


Bildekvaliteten blei desverre litt halvdårlig på nokon bilder, men de ser no kva det er:)


Denne kransen er laga av bjørk og pynta med lerkegreiner og mose, planen var i grunn å pensle konglene med glitter, men eg likte den så rein og enkel som den var.



Sviblane er så kjekke no i adventstida, dei koster lite holder ganske lenge om det ikkje er for varmt og dei kan brukast til så utolig masse dekorativt!


Her har eg kledd ein tom hermetikk boks med bølgepapp og hatt ein svibel oppi, dekka jorda med mose og pynta litt.


I morgon har eg fri og skal reise på julehandel, då skal eg endelig få besøke søstrene grene igjen, gleder meg som eit lite barn:)
Ha ei fin adventsveka!


søndag 4. desember 2011

Uglestoff...

Ja då var julemessa over, utrolig kjekt og ein smule slitsomt, (i alle fall for slike som skal berre litt til og litt til og litt til...) men det er absolutt verdt det! No er julemesse ting pakka vekk, og andre prosjekt står for tur:)



Og kva passa vel bedre enn å finne desse herlige uglastoffa på Jysk??? Ikkje berre var dei kjempe søte, men dei var faktisk forholdsvis rimelige også:)



Kva dei skal brukast til kan eg desverre ikkje skriva endå, da nærmar seg jo jul veit dåke og då må me ha litt hemmelighetar...
Ha ein flott adventveka:)