fredag 26. februar 2010

Hjertelig god helg

Med desse flotte hjertene eg fant på gjenbruksbutikken vil eg ønska dåke alle ei flott helg. Det har blitt lite blogging med meg i det siste, men det er mange prosjekter på gang og lite som er ferdig....Nokon som kjenner seg igjen? Eg held på å laga meg eit hobbyrom i eit lite uthus me har i hagen, ikkje så myke å vise bilder fra enda, men det kommer etterkvart som det tar form.



Har vore på gjenbruksbutikken og kjøpt meg eit knall gult skrivebord som eg skal ha symaskina på, trur eg ska gi det eit strøk med maling for kor kult er egentlig gult når det kommer til stykket...?
Ha ein fin fin helg:)

onsdag 24. februar 2010

Vårfarger i vinterkulda

Ønsket om å få sjå bar bakke begynner å bli ganske stort hos meg no, men ettersom snøbygene nærmest står i kø, skjønner eg at det er nok ei stund til det ønsket går i oppfyllelse.....


Men  for å få litt følelse av vår i mellom øktene med måking, har eg funne fram tøy i herlige vårfarger. Det har ikkje blitt laga noko av dei enda, men det hjelper på håpet om at våren kommer ein gang om ikkje så alt for lenge:)


Har funne ein kuuul skrivepult på gjenbruksbutikken, men har ikkje fått den med meg heim for eg hadde ikkje stor nok bil i dag... Håper den er der i morgen også!! Ha ei god natt:)

torsdag 18. februar 2010

Eit lite livstegn fra Parkvegen

Lenge siden sist innlegg her nå, men eg lever og har det bra. Tida går berre litt fort og da er det ikkje alt ein når over. Så for å svare anonym som kommenterte under mitt forrige innlegg og lurte på om det tar lang tid å blogge, ja det tar litt tid, men det er veldig kjekt.


I dag viser eg bilder av litt som eg har snop meg i ein koselig liten butikk som heiter Mammas Hus. Eg og ei venninne reise for å besøke ei anna venninne på Bølmo, og da måtte me innom der. Ho starta opp like før jul og har fått ein lys og fin butikk med eit herlig utvalg. Om du vil sjå kva ho har kan du besøke bloggen hennar livet på Bømlo her.


Eg kjøpte knotter, ein herlig te (som eg ikkje lenger husker navnet på), krukke til å ha teen i, tesil og slikkepinner til mine søte små. Eg fant så utrulig mykje meir eg kunne tenkt meg, så der skal eg garantert på besøk fleire ganger. Ha ein flott torsdag! 

mandag 8. februar 2010

Just adorable...

I dag har eg vore å snopa med litt nye scrappesaker, og dette stempelet synest eg var berre heilt nydelig!


Desse vintage bildene tenkte eg skulle bli litt nye kort for nå var det heilt tomt på lageret mitt. Så nå må det snart bli ein scrappekveld igjen i Parkvegen og det er lenge siden sist! Eg har nemmelig gått gradvis over fra å være scrappoman til stoffavhengig med ein svakhet for blonder, og symaskinen er blitt min bestevenn:) 





Me har hatt nydelig vær her på vestlandet i dag, og eg berre nyter varmen og lyset fra solstålene. Det er så deilig og da kjenner eg at eg gleder meg til å begynne å jobbe i hagen igjen. Har ein følelse av at det er fleire som gleder seg til å komme ut i hagen igjen, eller kva seier du? 
Ha ein flott mandagskveld!


lørdag 6. februar 2010

Love fra Amy Butler

Desse herlige bilda er fra den nye tekstil kolleksjonen til Amy Butler som heiter Love. På sida hennar er det mange fleire bilder og den finner du her.



Der finner du også masse inspirasjon og gratis mønster til ting du kan lage. Ho er ein av mine favoritter med sine varierte mønster og farger!



Eg kjenner ein slik "må ha det, berre må ha det" følelse når eg ser dette:)


Og eg forstår veldig godt kvifor ho har kalla denne kolleksjonen for "love", for eg berre elsker den!
Ha ein herlig lørdagskveld.

fredag 5. februar 2010

Skrinet med det rare i

Så var det blitt helg igjen, og blomsten som har kommet i hus til helga har forholdsvis lang levetid. Visner denne lover eg å aldri kjøpe blomster igjen;)


På samme stedet eg fant blomsten fant eg også dette flotte skrinet. Det er malt i ein dus grønnfarge og har skrift på siden, lokket er glass med blonder rundt kanten. Oppi det delt av i små rom og eg har fylt oppi med diverse hobby ting og tang.


Begge deler er kjøpt på jysk til ein overkommelig sum. I serien med skinet var det også ramme og ein mini kommode med to skuffer. Eg likte det veldig godt i alle fall, ha ein god helg alle saman:)

torsdag 4. februar 2010

Ein forsmak av sommer på salg

Salg er ein fin ting! Og nå er det jo salg for det aller meste, dei mest kjente er vel romjulssalg, nyttårssalg, sommersalg, høstsalg. Men det er slett ikkje nok har handelstanden funne ut, så nå er det salg for ein kvar anledning og etter eit kvart salg er det også restesalg og sånn inni mellom har ein ryddesalg. Så man har førjulssalget, romjulssalget, nyttårssalget, restesalg etter nyttårssalg-salget og enda så trengs det eit "må få rydda plass til alle dei nye vårvarene salg" gjerne kalt vintersalg, for å få ha noko å henge fingrene i før fastelavnessalget. 


Og det var akkurat på eit slikt salg eg fant desse herlige tinga. Da eg såg dei gjekk tankane til varme sommerdagar, med solmodne jordbær og piska krem...I fare for å gå glipp av dette var det best å ta det med heim. Det skumle med alle desse salgene er at man stadig vekk kommer over nye kupp, og det har ein tendens til å bli dyrt på sikt, enda det i utgangspunktet var uhyre billig!


Så nå sitter eg her og drømmer om sommer og jordbær, og prøver å huske korleis naturen ser ut når den ikkje er dekka av snø, og gleder meg til det store vårsalget;)
Ha ein herlig dag!

onsdag 3. februar 2010

Istapper..

I dag har sola vore oppe, snøen på taket har smelta og blitt til sylskape spyd som henger på rekke og rad. Flotte er dei, men dei får ikkje bli! Frykten min for at nokon skal få dei i hodet er for stor...


Så før min datter brutalt knuste dei ned med ei rive, måtte dei foreviges:)
Ha ein flott vinterdag!


tirsdag 2. februar 2010

Bling bling!

I dag har eg vore hos frisøren og klippa av mine lange lokker, det er alltid like deilig å fornye seg litt. Eg måtte ha ein hårkur også og da eg kom heim såg eg at det fulgte med ei liten gave i posen.


Gjett om eg blei overraska da eg pakka opp dette lekre smykket!! Skikkelig bling det her:) Så tusen takk til min snille frisør! Eg har jo begynnt på eit nytt syprosjekt, men det gjekk litt seinare enn eg hadde tenkt... Så da blei plutselig dette hjertet til i staden. Bokstaven er eit veldig gammelt strykeark, så fargene blei litt matte men det virka i alle fall. 



Veit ikkje heilt om det kan brukes til så mangt, men litt dekorativt er det nå. Ha ein fin kveld:)