mandag 30. november 2009

Puff daddy love

Det var etter å ha mottat denne Kid reklamen i posten med bilde av den kuleste strikka puffen eg nokon gong har sett, at galskapen starta. Heile sortimentet til Kid vart saumfart, og diverse meldinger sendt rundt for å forhøyre meg bland venner og kjente (og ansatte på Kid), men puffen var ikkje i Kid sitt sortiment...




Ein sånn puff måtte eg berre ha, og defor bestemte eg meg for å gjera det ein alltid gjer når ein er rådvill nemlig google!!! Den som vises i annonsen er fra Christien Meindertsma og er rålekker, den er også omtrent like dyr som den er lekker...




Men det viste seg at det var andre som vart bitt av samme galskap etter puffen som eg vart, og på denne kule sida finne du oppskrift på puffen. Sida heiter Pickles og inneheld masse kjekke oppskrifter for den som liker å lage ting og tang. Puffen finnes det oppskrift på i både stor og liten størrelse og med diverse mønster.



Husflidbutikken var mitt neste stopp og eg var ikkje første som hadde oppdaga puffen der heller,  for dama på butikken visste både garntype og mengde da eg sa kva eg skulle strikke.... Eg fann ikkje akkurat samme tråd som i oppskrifta, så eg blei anbefalt SandnesGarn sitt easy garn og det fungerte heilt supert.



Så her har det gått mykje i strikking i helga. No er ikkje eg akkurat av dei raskeste når det kjem til strikking, men dette gjekk ganske greitt. Med tredobbel tråd og pinne nr 15 virker det som det går raskt sjølv for meg:) No gjenstår litt sying og fylling, og eg har rota vekk nåla mi... men om ikkje så veldig lenge kjem det bildet av den ferdige puffen. Ha ein flott mandag folkens:)

2 kommentarer:

Anonym sa...

jøss kor flittig og flink du er :)
Gleder meg til å se det ferdige resultatet ;)

h.espe sa...

Såååå herlig puff - gleder meg masse til å se den ferdig!!!

Ønsker deg en kreativ og flott førjulsuke - kooos deg masse!!!

Stor klem fra Hildegunn