fredag 30. juli 2010

Høstblomster...

Nå som ein del sommerblomster er over toppen og begynner å sjå litt stusselige ut, er det kjekt å ha noko nytt å friske opp med ute.


Eg har vore så heldig å få både desse lekre zink bøttene og blomstene i gave. Eg synest det var ein veldig flott kombinasjon med dei klare fargene og dei grå bøttene.


 Denne helga er det meldt grått og vått vær så eg har funne fram litt små prosjekter som eg håper eg får jobba litt med! Ønsker alle ei flott helg:) 

tirsdag 27. juli 2010

Regn utsatt...

Når eg sto opp og åpna persiennene i dag var eg klar for regn og ein dag innendørs. Men ute var det lettskya og til og med eit lite solglimt. Eg skynda meg inn på yr.no og sjekka og da hadde dei utsatt regnet til langt utpå dagen... eg berre tenkte "jippi då blir da maling!!" (Kanskje ein smule overdrevet...)


På med maleklær og fram med maling og kost. Nå er det jo slik at å male rekkverk ikkje akkurat er det som viser mest igjen, men derimot tar umåtelig lang tid å male og da gjelder det å holde motet oppe. Så til strofene fra bland anna "dancing queen" og "mamma mia" har eg svinga malekosten i dag og rettelig kosa meg:)


Eit steg nærmare ferdig og med nylaga skilt på veggen seier eg meg ferdig med dagens innsats, og tar ein velfortjent pause mens regndråpane tar seg av dagens vatnerunde i hagen.
Ha ein flott tirsdagskveld:)

mandag 26. juli 2010

Så kom sola...

Så kom sola til oss på vestlandet, og da er det berre til å sette alt inne på vent og nyte det så lenge det varer. På fredag feira eg bursdagen min med jentekveld ute på terrassen, det blei servert tapas etterfulgt av pannekaker, krem og jordbær. Og eg fekk bland anna dette koselige cafebordet, og flotte blomstene.


Ellers har me brukt helga på å jobbe med forskjellige prosjekter i hagen, og ein heil del avslapping i sola. Det er utrolig kor godt litt solskinn er for kroppen!


I dag har eg grunna litt forskjellig smått ute, og hadde store planer om å fortsette med maling i morgen, til eg såg værmeldinga.... Men eg trøstar meg med at dei lover at sola skal komma tilbake allerede dagen etter.

 

Nå skal det bli godt å krype i køyen etter atter ein dag i sola. Kanskje eg får nytte regnværsdagen til å fylle opp med ny gjærbakst i frysen for der er det ganske så tomt nå.
Ha ein fin dag:)

tirsdag 20. juli 2010

Regn, regn, regn....



En er en og to er to,
vi hopper i vann,
vi triller i sand.
Sikk, Sakk,
vi drypper på tak,
Tikk, Takk,
det regner i dag.
Regn, regn, regn, regn,
øsende regn, pøsende regn,
regn, regn, regn, regn,
deilig & vått,
deilig & rått!
En er en og to er to,
vi hopper i vann,
vi triller i sand.
Sikk, Sakk,
vi drypper på tak,
Tikk, Takk,
det regner i dag!
 

Her på vestlandet har det vore ein veldig regnfull dag, det har regna i eit fra morgen til kveld. No har skyene endelig gått tomme for vatn... Me har nytta dagen til å gå i bokhandelen og kjøpt penalhus, for her i huset er det ei som blir skulejenta om ikkje mange dager!


Det er nesten som eg ikkje våger å sei det høgt det enda, men eg har så vidt begynnt å lage litt smått til julemessa. Det er mest for at eg ikkje klarer å berre sitta pal og sola meg, så eg har hekla kluter i massevis i sommerferien! Dei skal dåke få sjå meir til ein anna dag...


No håpar eg berre at det snart blir litt tørrare i været for eg har stor planar mala litt ute, og så langt har det gått dårlig... Ønsker alle ein fin dag!

søndag 18. juli 2010

Sommarfest i hagen...

Når det vart tid for sommarfest på jobben hos min mann, bestemte me oss for å satse på fint vær og ha det ute i hagen på vår (nesten ferdige) terasse. Me leigde inn ein kokk som lagde alt maten og grilla til oss ,så vår jobb var berre å dekke bord og invitere gjestene.


 Det regna og regna dag etter dag, og me begynnte å vurdere kva alternativ me hadde tilgjengelige, men akkurat denne dagen bestemte værgudane seg for solskinn og varme og kvelden vart heilt herlig!


Me fekk servert marinert kyllingfilet, indrefilet av storfe, salater, foccacia m.m. og det smakte aldeles nydelig! Og etter grillmaten fekk me deilig dessert med appelsinfromasj og bringebærsaus.



Utpå kvelden når skumringens time kom og temperaturen sank blei det tent lys og delt ut tepper til gjestene.



Nå har regnet komme ned i bøtter og spann, og ein må faktisk hente fra slike bilder for å huske at det er sommer av og til her i vest. Men eg krysser fingarne for at me kan få sitte fleire kveldar ute på terrassen under eit pledd med tente lys på bordet og nyte sommaren før høst mørke kjem!
Ønsker alle ein flott søndag:)

lørdag 17. juli 2010

Sommar i Parkvegen...

Etter ein lang bloggpause og ein liten ferietur satser eg på å være tilbake i rute her på bloggen. No er batteria opplada og energien sprudler i kroppen, og da er det mange idèer som dukker opp og skal settes ut i live litt etter litt....Me har vore på Kaptein Sabeltann med våre små og trass i litt regn var det heilt supert for alle mann. Så i Parkvegen synges det viser fra Sabeltanns verden, og det er jo så fengende at det smitter alle i familien. Så her lyder det:


"Å for eit liv, for eit herlig liv, vi synger og skråler og ler...." og det håper eg virkelig at mange gjer, for sommer er virkelig ei herlig tid! Bildet er fra sommerfest i hagen, og mer om det kommer ein annen dag. Ha ein strålande flott sommerdag:)