I dag har eg vore hos frisøren og klippa av mine lange lokker, det er alltid like deilig å fornye seg litt. Eg måtte ha ein hårkur også og da eg kom heim såg eg at det fulgte med ei liten gave i posen.
Gjett om eg blei overraska da eg pakka opp dette lekre smykket!! Skikkelig bling det her:) Så tusen takk til min snille frisør! Eg har jo begynnt på eit nytt syprosjekt, men det gjekk litt seinare enn eg hadde tenkt... Så da blei plutselig dette hjertet til i staden. Bokstaven er eit veldig gammelt strykeark, så fargene blei litt matte men det virka i alle fall.
Veit ikkje heilt om det kan brukes til så mangt, men litt dekorativt er det nå. Ha ein fin kveld:)
1 kommentar:
Så fin blogg du har! Her var det masse spennende både av interiør og hobbyprosjekter.
Legg inn en kommentar