torsdag 2. juni 2011

Barndommens skatter...


Denne boksen er ein ting som eg husker utrulig godt fra barndommen min. Eg huskar akkurat kor den pleide å stå i matboden. No bur ikkje lenger mine foreldre i barndomsheimen min, dei har bygga seg nytt litt mindre hus, og eg frykta at boksen hadde forsvunne i flyttesjauen.


Men da eg etterlyste boksen, kunne ikkje mamma huske at ho nokon sinne hadde eigd ein slik boks. Og eg lurte på korleis dette kunne ha seg...


Det var spesielt lokket og historien med Peter Pan som fasinerte meg, der var jo akkurat dei samme figurane som var i med i filmen som gjekk på juleafta. Og siden eg hadde ein meget livlig fantasi på mine yngre dager, så kunne eg sitte lenge å stirre på denne boksen...



Mysteriet med kakeboksen løyste seg da den plutselig dukka opp hos bestemora mi, og mamma kom på at den hadde nok budd hos oss nokon år. Siden eg hadde så gode minner med denne boksen, ville besto at eg skulle ha den, snille besto mi:)



Og for berre nokon dagar siden flytta boksen inn i Parkvegen og nå skal den bo her og vil forhåpentligvis skape gode minner for mine barn!
No har nettopp eg og mine små vore ute og gått tur og mata endene i regnværet, og trass i regnet var godt å få litt frisk luft og strekke på seg.
Da vil eg berre få ønska alle ein god kveld!
 

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei! Dette kunne vore min historie. Petter pan kakeboksen er eit kjært barneminne for meg også. Barna mine som no er blitt store har også fått eit forhold til den. Kvar jul kjem den fram og vert fylt opp med kaker men no trur eg jammen meg den skal få stå ute heile året.Den er jo så flott! :-)

Dragemamma sa...

Den var flott!