søndag 5. juni 2011

Lille snøball og frøken kakeboks...

For litt siden flytta det inn to nye familiemedlem i Parkvegen. Dei er små og lodne og utrolig søte...



Det har seg slik at vår lille datter på 7år, (som akkurat har hatt bursdag og da hadde fått seg litt penger), hadde gått innom dyrebutikken på vei heim fra skolen. Ho har snakka om hamster sånn innimellom men det har liksom gått over av seg sjølv. Men denne dagen kom ho heim med ein post it lapp i hånda og på den sto alt ho trengte for å få seg hamster og prisen bak. Ho såg på meg med sine brune dådyr auger: "Har eg nok pengar mamma???" Ho fortsatte og fortelja om denne søte litle hamsteren med stort engasjement og avslutta med "eg kan jo ikkje berre gå fra den mamma, tenk så liten den er...."



Slikt smelter jo eit mamma hjerte og eg måtte svara: "Ja vennen, du har nok!" Men enda hadde me ein terskel til som me måtte over. Jenta fekk beskjed om å holde fram lappen og bilde blei sendt til pappa på mobil med meldingen: "Kan eg få pleeeeeease?" Så hadde den lille jenta på kort tid ja fra både mamma og pappa, etter å ha sverga på at ho ville ta godt vare på den. Nokon som ikkje blei fullt så glad for den lille nye, var katten vår Sofie. Ho studerte buret og hamsteren nøye og kikka på oss med eit blikk som sa:" No har dåke blitt fullstendig gale!! Har dåke fanga ei mus og satt ho i eit bur??" Og bedre blei det ikkje da storebror nokon dagar seinare kom med ein liten hamster til...



Dei søte små er døypt til "lille snøball" og "frøken kakeboks", og me håper dei vil lika seg lika godt her i Parkvegen som me gjer:)
Ha ein flott søndagkveld!

4 kommentarer:

Mitt liv på Storhaug sa...

Så koselig med slike små, godt for ungar å bli kjent med ansvaret det er å ha dyr=) Me vil gjerne komma å helsa på dei ein dag. Håpar dåke har kost dåke i finaveret og får ei fin veke!=))

Mamsens hus sa...

Herlige små hamstere. :)
Ikke rart katten lurer. ;)
Ha en fortsatt fin kveld.

Anonym sa...

bloggen din har vakna no.
fine bilder og god tekst.
ha ei knakande go veka snakkast te helgo.

Hespe sa...

Selv om jeg ikke akkurat er glad i hamster selv, må jeg likevel si at - sååååå søt!!!

Ønsker deg en flott uke videre!

Klem fra Hildegunn