onsdag 8. juni 2011

Drømmen om eit drivhus...

For fleire år siden fant eg ein reportasje i eit blad som eg vart heilt betatt av... I reportasjen var det eit drivhus bygga av gamle vinduer i dei aller mest idylliske omgivelser. Siden den gang har desse to arka fra bladet fulgt meg, saman med drømmen om å ein gang få bygga meg eit slikt:)


Det første som må til er ein plass å ha drivhuset, og då me flytta til Parkvegen ordna det seg. Så må man jo få tak i vinduer, ikkje berre vanlige man akkurat slik som ein har sett for seg inne i hovudet... Det var ein lang jakt, men den som leitar han skal finna og nå er vinduene på plass.



Dei står lagra i uthuset bland vinterdekk og oransje regnklær, og nå gjenstår det berre å finne tid og energi til å få starta på prosjektet. Men akkurat no står me opp til halsen i hagearbeid og maling, så eg trur dei skal få stå der ei lita stund så me får fullført det som allerede er påbegynnt. Men eg er no eit stort steg nærmare drømmen min om eit drivhus, og eg er veldig fornøyd med det:)
I dag er det sommeravslutning med grilling som står på tapetet hos oss. Vil ønska alle ein flott onsdagskveld!

3 kommentarer:

Mitt liv på Storhaug sa...

Eg drøymer med deg!! Akkurat slikt eg og har sett på og drøymt om=) Blir spanande å følge med når du startar;-) Håpar du har hatt ein fin onsdag med avslutning og grilling!=))
klem

Lottemora sa...

Blir spennende å se resultatet etterhvert.

Ha en fiiin kveld, hilsen Lottemora

Anne Kristine Hauan sa...

Lykke til med drivhus-drømmen!
Fant et bra hage-sitat: "Mange lever som frø, men vi er født til å blomstre. Sørg for at du slår ut i full blomst. Nøy deg ikke med å luke i hagen." Inspirerende at du tar vare på drømmer, og fullfører dem!