søndag 19. juni 2011

Lin kjole til lille frøken...

Kjolen som eg skulle ta fatt på i dag, blei ferdig i dei seine nattetimer i går...
Eg tenkte eg berre skulle begynne littegrann, og så var det så kjekt at eg glømte heilt ut tida...


Frøkna stilte villig opp til fotografering i dag også, og viser flott fram alle detaljer som er verdt å få med seg.


Eg var smart og fann fram bruksanvisningen på symaskina i går, eg oppdaga fleire nye saumar og andre kjekke ting, så der må eg lesa meir ein anna dag!


Framme på kjolen sydde eg ei pyntelomme med eit lite sitat på.


Rundt kantane opp og over skuldrene brukte eg skråband med ein fin blondekant.


Bak på ryggen sydde eg på merket mitt og nede rundt kanten brukte eg ein av dei nyoppdaga pyntesømmane.



Her på vestlandet har me hatt ein skikkelig fin sommerdag. Og etter ei husarbeidsøkt på formiddagen, har me gått fra besøk til besøk i heile dag. Det er godt å få litt tid saman med familie i helgene, når vekene er så travle som no.
Ønsker alle ein ein fin søndag.


1 kommentar:

h.espe sa...

Wow, kjolen ble kjempeflott - så flink du er!!!!

Ha en fin søndag!

Klem fra Hildegunn