tirsdag 13. april 2010

Rom i rom...

Ja det er ei ganske rar overskrift, men det er akkurat det det er. Eit rom i eit rom, meir konkret eit bad i eit rom. Dette rommet skal bli mitt kontor det neste halve året, og derfor må badet vekk!


Eg starta med kubein og hansker og knuste ned veggene som besto av 2x3 og dobbelt lag med gisp, for å lime det heile godt saman var det tapet og maling på begge laga! Om du lurer på kva badet gjer i dette rommet så er det nokon, muligens fleire som har tatt fagprøve ved å lage dette rommet. Akkurat korfor dei bygde det inne i eit anna rom, har eg ikkje blitt klok på...


Her var i alle fall mykje godt arbeid, og eg kjenner på kroppen at det kommer til å være ømme muskler og ein del blåmerker i morgen. Men eg kjem i alle fall ikkje til å ha problem med å sovne i kveld, det er sikkert og visst!


Og med min mørbanka kropp skal eg i morgen vaske ut rommet og male det kvitt så det er klart til å innrede og tas i bruk på torsdag! Veggene ser ganske kvite ut på bildene, men dei er egentlig lyse grønne. Gulvet får være som det er, sjølv om det ikkje er så veldig vakkert.


Det blei ein lang dag og det har gått i eitt, så nå skal eg endelig ta ein laaang, velfortjent dusj og krype i køyen! God natt alle saman:)

3 kommentarer:

Anonym sa...

godt jobba,lykke til med egen bedrift.

mvh culasadd

Siljes Hobbyrom sa...

Koselig blogg! De kanelbollene skal jeg prøve meg på! De så veldig delikate ut! ;)
Jeg legger meg til som følger her.

Klem Silje

pensjonat frua sa...

så spennende med nytt kontor, det blir nok deilig. Flott blogg og :-)
Go helg!