lørdag 12. desember 2009

Tilda hjerte og solstråler

Her på vestlandet har det vore eit heilt fantastisk vær dei siste to dagene med frost og klart vær. Da sola gjekk ned i kveld eller ettermiddag blir vel mest rett å sei, såg det slik ut. Det gjer så godt med desse solstålene nå i denne mørke tida, så godt at eg til og med overser alle hybelkaninene som blir veldig synlige, og berre nyt lyset og varmen:)



Min søte lille datter på 5år hadde så lyst å sy noko i dag, og det ho ville sy var eit tilda hjerte med vinger. Da kunne eg berre ikkje sei nei... Ho har valgt ut tøy og bånd sjølv, tegna og klippa, men da det kom til sying måtte ho ha litt hjelp. Eg har hatt fingeren på av knappen, og hjalp til med å sy der det var mest svinger. Eg synest ho klarte seg veldig bra, og er så stolt som berre det:) Hjertet skal bli ein gave, men det er ikkje bestemt kven som skal få det enda....



Nå skal det lages tortilla til kveldsmat, og forhåpentligvis får eg sydd noko sjølv også seinare i dag. Ha ein flott lørdag:)

2 kommentarer:

Anja-Elin ♥ Vakre augeblikk sa...

For ein nydelig himmel! Utrulig flott! :) Ja, sant at dess enklare dess betre :)

Ønsker deg ei herlig helg videre :) Sjølv skal eg snart pynte pepperkakehus :)

Godklem

Min stil sa...

Nydelig bilde av himmelen...
Hørtes deilig ut med tortilla.
Klæm Susanne