søndag 18. juli 2010

Sommarfest i hagen...

Når det vart tid for sommarfest på jobben hos min mann, bestemte me oss for å satse på fint vær og ha det ute i hagen på vår (nesten ferdige) terasse. Me leigde inn ein kokk som lagde alt maten og grilla til oss ,så vår jobb var berre å dekke bord og invitere gjestene.


 Det regna og regna dag etter dag, og me begynnte å vurdere kva alternativ me hadde tilgjengelige, men akkurat denne dagen bestemte værgudane seg for solskinn og varme og kvelden vart heilt herlig!


Me fekk servert marinert kyllingfilet, indrefilet av storfe, salater, foccacia m.m. og det smakte aldeles nydelig! Og etter grillmaten fekk me deilig dessert med appelsinfromasj og bringebærsaus.



Utpå kvelden når skumringens time kom og temperaturen sank blei det tent lys og delt ut tepper til gjestene.



Nå har regnet komme ned i bøtter og spann, og ein må faktisk hente fra slike bilder for å huske at det er sommer av og til her i vest. Men eg krysser fingarne for at me kan få sitte fleire kveldar ute på terrassen under eit pledd med tente lys på bordet og nyte sommaren før høst mørke kjem!
Ønsker alle ein flott søndag:)

Ingen kommentarer: