søndag 27. september 2009

Hyttetur i regnvær



No har me komme oss heim fra ei koselig helg på hyttetur. Hytta me var på låg like utanfor Etne sentrum i Hordaland, og enda været var ganske trist var det ein utrolig flott stad å væra på.




Det var tre hytter som låg på eit nes, men dei var ikkje plassert så tett. Området rundt hyttene var flott opparbeidet med murer, stein, planter, lekeplass, og ei veldig stilig grillhytte. Dersom du vil lese meir om hyttene kan du sjå på nettsidene deiras her.


Dette bilde er av grillhytta utenpå, den ser ikkje så stor ut fra denne vinkelen, men berre vent til du ser bildet inni.


Her kan det dekkes langbord til ganske mange, det føltes litt som ein plass der vikingane hadde trivst godt og mange med dei. Eg trur det må ha vore litt størrelse på det treet bordet er laga av:)




Desse tønnene stod med flotte blomster i rundt omkring, og dei kunne eg godt tenkt meg å tatt med heim.


Høstlyngen stod på sitt flottaste og lyste opp i mellom regndråpane.


Og enda så kjekt det var å vera på hyttetur, så var det deilig å komma heim til si eiga stova. Borte bra , men heima best:) Eg er nok litt vel heimakjær ja....

Ingen kommentarer: