lørdag 29. januar 2011

Ettermiddags sol i stova...

I dag sender sola sine varme stråler inn vindauga i Parkvegen og eg kjenner at energien lades opp. Det er ingen ting som gjer så godt for sinnet og energien som desse lysglimta som kjem nå om dagane. Eg nyt kvar solstråle som kjem min vei og gleder meg stort til årstida me går i møte, våren er ei fantastisk tid!


Idèer og inspirasjon kribler i kroppen og eg sit og lurer på om eg skal finne fram symaskina og starta på nokon nye og spennande prosjekt. Eg har meldt meg på kurs i "saum av klede" som starter om ikkje lenge, så det hadde kanskje vore lurt å øva seg litt før den store dagen kjem...



Da vil eg ønska alle ei flott helg vidare, håper alle får eit glimt av sol!

1 kommentar:

Miriam sa...

ENDELIG er det blogging igjen!! :D
Eg har gleda meg. Sit forresten og tenkte eg skulle begynne å ta opp blogginga igjen. Så då må du følgja med.

Oppussingsprosjekt - loftstove!

Klem Miriam