onsdag 26. oktober 2011

Stettefat og litt smått...

Eg var så heldig å få gavekort til bursdagen, på ein veldig fin interiør her i området. Endelig fekk eg tid til å ta turen innom og eg hadde på forhånd bestemt meg for kva eg hadde mest lyst på.


 Og etter å ha leita rundt om i kroker og krær fant eg fatet eg ville ha.


Oppi fatet har eg lagt lavendelposer og kleenex etui som er klare til julemessa.




Men no skal eg kose meg med ei stor skål med fruktsalat og vanilje kesam, og berre nyta resten av kvelden på sofaen. I dag har eg rett og slett sy fri:)
Ha ein flott onsdagskveld!

lørdag 22. oktober 2011

Drivhus på vei...


Dette trudde eg ikkje skulle skje før til neste år, men da høstfeiren kom var det plutselig i gang. Heilt ferdig blir det nok ikkje før til våren, men planen er å få det tett og ferdig utvendig i alle fall. Det er vel neppe nok opphold til å få malt noko særlig her i vårt regnfulle land...

Mellom husarbeid og syprosjekter har eg endelig fått pussa opp to krakker som eg fekk av søstera mi for ei stund siden. Dei var på vei i kontaineren, men eg fekk redda dei og har hatt dei ståande i eit hjørne på vaskerommet, men no skal dei takast i bruk!


Men no må eg tilbake til mine sømprosjekter, du kan kikke innom her om du vil sjå kva som står for tur.


Ha ei fortsatt fin helg:)

fredag 7. oktober 2011

Stille på bloggen...

Det har vore ganske stille på bloggen den siste tida, og det skyldes rett og slett at i den travle kvardagen så blir ikkje bloggen prioritert. Men den kjem likevel til å ligge her og det kjem nok eit innlegg i ny og ne.


I parkvegen går det mykje i forberedelser til julemesse for tida, og i år vil nok det meste bli sydd.... Har heilt fått dilla på å sy, og koser meg masse med det.

Om du vil sjå kva eg syr kan du følge med på sybloggen min som heiter Noraline, du kjem inn på den ved å klikke her.
Ha ei flott helg, og god haustferie til dei som går den i møte!