lørdag 20. august 2011

Fleire hagebilder...

Her kjem litt fleire bilder fra hageprosjektet vårt. Det har stort sett vore "store ting" som me har gjordt. Ikkje dei fine små detaljane, men dei store grove tinga.


Det som er kjekt med dette er jo at det viser igjen i hagen, men eg gleder meg til å ha litt tid til å luke og plante blomster i potter og bed. For det har ikkje blitt prioritert i år!


Området på bildet over har berre vore ein skråning med jord og ugras, eit slikt som man prøver å sjå raskt forbi og glømme at eksisterer. Nå er det kommet ein liten koselig terrasse der, og på den skal mitt etterlengta drivhus stå!


Eg gleder meg veldig til å få begynnt på det, men det er desverre fleire skråninger med ugras og jord enda... Men det er godt å ha noko å glede seg til!
Ha ein fin søndag alle saman.

lørdag 13. august 2011

Epler og pærer de vokser på trær....

og av og til er dei ikkje modne før dei faller ned!


I går blei eg sittande i hagen hos ei venninne og nyte sola, og i den hagen var det mange epletrær. Nokon av dei hadde ramla ned i vinden og låg berre på bakken, så desse var eg heldig å fekk plukka med meg når eg gjekk heim. 


Dei er jo ikkje noko gode å eta ennå, men dekorative er dei i massvis!!


Eplene skal få pynta opp som kranser og i potter og bøtter rundt om i hagen.


 I dag er det like fint vær som i går og me skal kosa oss ute i sola heile familien. Ønske dåke alle ein flott lørdag!

fredag 12. august 2011

Glimt av hageprosjektet vårt...

Sommerferien er over for denne gang, og når skulen starter om nokon få dager er me tilbake i den gode kvardagen igjen. Det er deilig med ferie, men jammen er det godt når dagane kjem tilbake i vanlige rutiner igjen!


Siden sist har det skjedd forsjellig her i Parkvegen. Eg har hatt mine siste dager i 20åra og har nå tredd inn i rekka av 30+. Har skjønt at for mange er dette grusomt, men eg må sei at det plager meg ikkje i det heile tatt! Eg nyt dagane som 30åring like fullt som dagane som 29åring.


Tidlegare i vår nevnte eg eit hageprosjekt, og her vises bilder av deler av prosjeketet vårt. Dette har vore eit stort og tidkrevande prosjekt, men desto herligare er det når det er gjordt. Her vises litt før og etter bilder.


Me har hatt besøk av betongbil, minigraver, mammaer og pappaer og venner og er veldig fornøyd med resultatet så langt. Enda er det litt som gjenstår, men det som er igjen nå er lettare å ta sånn innimellom. Me har til og med fått begynnt så smått på drivhus prosjektet, men det kjem det meir om ein anna dag!
No skal eg ut i hagen og nyte solstrålene, ha ein flott fredagskveld!