tirsdag 21. juni 2011

Sommer og ny tunika...

I dag har det vore ein herlige sommerdag her på vestlandet, dei små har hatt siste dag på skulen og er klar for sommerferie. Eg har hatt fri i dag og har brukt dagen på å få rydda og vaska i heimen.


Men innimellom husvask og avslutningar blir det alltid litt tid til sying. Så her er det siste prosjektet eg har jobba med.



Denne gangen vart det eit prosjekt til meg sjølv. Eg har lenge hatt dette tøyet liggande, og har enda i tre farger til, men eg har ikke funne det rette mønsteret til det. Så eg enda opp med å lage eit sjølv, då fekk eg det akkurat som eg ville ha det!


Tanken var at det skulle være en tunika til varme solfylte sommerdager, så eg valgte stropper og en god utringing. Tøyet ble kjøpt fra stoff og stil, men eg fant i det i ei slags restekurv så det var ingen god beskivelse av kva det er, men ein slags jersey er det i alle fall.



Bak på ryggen har eg sydd på merket mitt og framme på den eine sida eit lite vers til pynt, ellers er det berre ein blondekant nede. Enkel og grei:)
Ha ein fin tirsdagskveld!

søndag 19. juni 2011

Lin kjole til lille frøken...

Kjolen som eg skulle ta fatt på i dag, blei ferdig i dei seine nattetimer i går...
Eg tenkte eg berre skulle begynne littegrann, og så var det så kjekt at eg glømte heilt ut tida...


Frøkna stilte villig opp til fotografering i dag også, og viser flott fram alle detaljer som er verdt å få med seg.


Eg var smart og fann fram bruksanvisningen på symaskina i går, eg oppdaga fleire nye saumar og andre kjekke ting, så der må eg lesa meir ein anna dag!


Framme på kjolen sydde eg ei pyntelomme med eit lite sitat på.


Rundt kantane opp og over skuldrene brukte eg skråband med ein fin blondekant.


Bak på ryggen sydde eg på merket mitt og nede rundt kanten brukte eg ein av dei nyoppdaga pyntesømmane.



Her på vestlandet har me hatt ein skikkelig fin sommerdag. Og etter ei husarbeidsøkt på formiddagen, har me gått fra besøk til besøk i heile dag. Det er godt å få litt tid saman med familie i helgene, når vekene er så travle som no.
Ønsker alle ein ein fin søndag.


fredag 17. juni 2011

Sommerbukse...

Gleden av å begynne på et nytt prosjekt gir ny energi, og før eg visste ordet av det var prosjektet ferdig:)


Denne buksa er laga av ei mine gamle linbukser, det gjer dette til eit skikkelig gjenbruks prosjekt, noko som ligger meg nært til hjertet for tida.



Mitt nye merke er sjølvsagt med, og blei den einaste pynten på denne buksa.


Frøkna som skulle ha den var stor fornøyd og stilte villig opp som modell på fotoshoot. Og så er det berre til å kaste seg ut i neste prosjekt, men det trur eg får venta til morgendagen kjem:)

Ha ei god natt!

Et prosjekt ferdig...

Dei vintage veskene mine er endelig blitt ferdige. Eg var godt i gang med å sy, og hadde berre litt smått igjen da eg oppdaga at eg hadde gjordt ein feil og måtte rekke opp, og gjera ein heil del om igjen...


Eg vurderte da på et tidspunkt å kaste dei i ovnen og sette fyr på dei, og fant ut at å legge dei vekk ei stund, var nok det beste!


Det nye merket mitt er kommet på veskene, og eg blei ganske fornøyd med resultatet.


Eg har laga meg ein regel om at eg skal gjera ferdig et prosjekt før eg begynner på noko nytt. Og no som eg er ferdig med dette prosjektet, har eg hoppa i det og starta to nye prosjekt.


Her kan du sjå ein liten smakebit av dei nye prosjekta, det skal bli ein liten sommerkjole og ei knebukse...

Da vil eg berre ønska alle ei flott helg, eg krysser fingrane for fint vær:) 

mandag 13. juni 2011

Mitt eget...

Eg har lenge hatt lyst å lage meg eit eget navn eller eit merke som eg kan ha på dei tinga som eg lager. Men å komme på eit navn som passer, som ingen andre har, er slett ikkje lett... Eg har leita gjennom bøker og blader og sett på internett, men om eg har funne noko så har det allerede blitt brukt. Og viss eg ikkje kan ha mitt eget, så vil eg heller være uten! Men til slutt kom eg på noko som eg synest passa godt, og til min lettelse var det ingen andre som hadde dette navnet.


Så slik vart resultatet, og eg er veldig fornøyd med å endelig ha eit heilt eget merke, noko som er berre mitt! No har me akkurat komme heim fra hyttetur på fjellet og me har vore så heldig å fått nyte høyfjellssola opp til fleire dager. Late dagar med god mat, sol og godt selskap, bedre blir det ikkje!
Håper alle har hatt ei herlig pinsehelg!

onsdag 8. juni 2011

Drømmen om eit drivhus...

For fleire år siden fant eg ein reportasje i eit blad som eg vart heilt betatt av... I reportasjen var det eit drivhus bygga av gamle vinduer i dei aller mest idylliske omgivelser. Siden den gang har desse to arka fra bladet fulgt meg, saman med drømmen om å ein gang få bygga meg eit slikt:)


Det første som må til er ein plass å ha drivhuset, og då me flytta til Parkvegen ordna det seg. Så må man jo få tak i vinduer, ikkje berre vanlige man akkurat slik som ein har sett for seg inne i hovudet... Det var ein lang jakt, men den som leitar han skal finna og nå er vinduene på plass.



Dei står lagra i uthuset bland vinterdekk og oransje regnklær, og nå gjenstår det berre å finne tid og energi til å få starta på prosjektet. Men akkurat no står me opp til halsen i hagearbeid og maling, så eg trur dei skal få stå der ei lita stund så me får fullført det som allerede er påbegynnt. Men eg er no eit stort steg nærmare drømmen min om eit drivhus, og eg er veldig fornøyd med det:)
I dag er det sommeravslutning med grilling som står på tapetet hos oss. Vil ønska alle ein flott onsdagskveld!

søndag 5. juni 2011

Lille snøball og frøken kakeboks...

For litt siden flytta det inn to nye familiemedlem i Parkvegen. Dei er små og lodne og utrolig søte...



Det har seg slik at vår lille datter på 7år, (som akkurat har hatt bursdag og da hadde fått seg litt penger), hadde gått innom dyrebutikken på vei heim fra skolen. Ho har snakka om hamster sånn innimellom men det har liksom gått over av seg sjølv. Men denne dagen kom ho heim med ein post it lapp i hånda og på den sto alt ho trengte for å få seg hamster og prisen bak. Ho såg på meg med sine brune dådyr auger: "Har eg nok pengar mamma???" Ho fortsatte og fortelja om denne søte litle hamsteren med stort engasjement og avslutta med "eg kan jo ikkje berre gå fra den mamma, tenk så liten den er...."



Slikt smelter jo eit mamma hjerte og eg måtte svara: "Ja vennen, du har nok!" Men enda hadde me ein terskel til som me måtte over. Jenta fekk beskjed om å holde fram lappen og bilde blei sendt til pappa på mobil med meldingen: "Kan eg få pleeeeeease?" Så hadde den lille jenta på kort tid ja fra både mamma og pappa, etter å ha sverga på at ho ville ta godt vare på den. Nokon som ikkje blei fullt så glad for den lille nye, var katten vår Sofie. Ho studerte buret og hamsteren nøye og kikka på oss med eit blikk som sa:" No har dåke blitt fullstendig gale!! Har dåke fanga ei mus og satt ho i eit bur??" Og bedre blei det ikkje da storebror nokon dagar seinare kom med ein liten hamster til...



Dei søte små er døypt til "lille snøball" og "frøken kakeboks", og me håper dei vil lika seg lika godt her i Parkvegen som me gjer:)
Ha ein flott søndagkveld!

lørdag 4. juni 2011

Ny malt...

Her har det som tidlegare nevnt gått ein del i maling, og det er ein del smått og stort som har stått på lista over ting som skal malast. Eg har hatt eit kontor som eg også har brukt litt til oppbevaring, men no skulle der ryddes ut og da fekk eg litt press på meg, og det hjelper ofte!


Nymalt skiltet mitt fra i fjor vart henta fram igjen:)



Plantebordet som har stått umalt vart grått.



Litt av møblane som eg har samla opp her og der, slik som dei var før, og bildet under slik som er er no.



Det er rart kva eit støk og to med maling gjer med gamle slitte saker! Dei er ikkje pynta opp for dei var rett og slett ikkje tørre nok til å flytte noko særlig på:)
 Dagen så langt har gått i fotballcup, så no skal eg endelig ut i hagen og nyte sola.
Ha ei stålande fin lørdag!



Gammalt blir nytt...

Me har fått oss nye nattbord, eller da vil sei me har fått oss gamle nattbord...


Men slik såg dei ikkje ut da me fekk dei, da såg dei slik ut:



Dei sto ikkje akkurat på oppned, men eg kjem jo aldri på å ta bilde før prosessen er godt i gang!


Nye knottar vart kjøpt inn, og da været slo til og blei så bra fekk eg endelig tatt det siste strøket som mangla på nattborda.



I dag, da vil sei fredag, fekk me her i vest nemlig ein herlige sommardag, så me har grilla på terassen og eg har vore ute og mala i kortbukse og singlet. Og forhåpentligvis så har eg fått bitte litt meir brunfarge på armer og bein enn eg hadde i går:)



Da er slett ikkje berre desse som har fått seg ein omgang med malekosten i dag, men da kjem da meir om ein annen dag!
Ønske alle ein fin lørdag, og håper me får like fint vær som me har hatt i dag:)

torsdag 2. juni 2011

Barndommens skatter...


Denne boksen er ein ting som eg husker utrulig godt fra barndommen min. Eg huskar akkurat kor den pleide å stå i matboden. No bur ikkje lenger mine foreldre i barndomsheimen min, dei har bygga seg nytt litt mindre hus, og eg frykta at boksen hadde forsvunne i flyttesjauen.


Men da eg etterlyste boksen, kunne ikkje mamma huske at ho nokon sinne hadde eigd ein slik boks. Og eg lurte på korleis dette kunne ha seg...


Det var spesielt lokket og historien med Peter Pan som fasinerte meg, der var jo akkurat dei samme figurane som var i med i filmen som gjekk på juleafta. Og siden eg hadde ein meget livlig fantasi på mine yngre dager, så kunne eg sitte lenge å stirre på denne boksen...



Mysteriet med kakeboksen løyste seg da den plutselig dukka opp hos bestemora mi, og mamma kom på at den hadde nok budd hos oss nokon år. Siden eg hadde så gode minner med denne boksen, ville besto at eg skulle ha den, snille besto mi:)



Og for berre nokon dagar siden flytta boksen inn i Parkvegen og nå skal den bo her og vil forhåpentligvis skape gode minner for mine barn!
No har nettopp eg og mine små vore ute og gått tur og mata endene i regnværet, og trass i regnet var godt å få litt frisk luft og strekke på seg.
Da vil eg berre få ønska alle ein god kveld!