mandag 31. januar 2011

Vår inne, vinter ute...

Nå som vårlengselen melder seg sterkare for kvar dag som går, er det deilig å pynte vårlig inne sjølv om vinteren fremdeles herjer ute. Akkurat no er det ikkje snø, men det er ikkje mange dager siden snøflaka dalte tett ute og la eit fint kvitt teppe over landskapet.


Om ikkje lenge så alt for lenge går det an å rusle litt i hagen, om ikkje anna så for å få rydda det som egentlig skulle vore rydda lenge før snøen kom og gjemte det. Eg har store mengder løv som må fjernes og det er ikkje akkurat det mest spennande arbeidet, men om sola skinner ein dag, (og løvet ikkje er frosset fast i bakken) så skal det nok bli orden på det!



I mellomtida gleder eg meg over lekre roser inne, og drømmer om vår og varmare tider:)
Ønsker alle ein flott mandag og ein god start på den nye veka!


søndag 30. januar 2011

Lys og lopper...

Høres ut som ein rar kombinasjon, men så ille er det vel heller ikkje.. Synest denne gamle søndagsskuleboka var så sjarmerende at eg måtte ha den med meg fra bruktbutikken. Den er 40år gammel, (er trykket i 1971 av eit forlag i Finland) og bærer nok mange gode minner med seg mellom permene. Alle har vel eit forhold til søndagsskolen eller lignende gjennom sin barndom...


Og over til lys, det er ikkje så ofte eg får anledning til i besøke Ikea, men av ein eller annen grunn så kjem eg heim med store mengder lys i alle størrelser og fasonger kvar einaste gang, og det begynner å hope seg opp! Så istadenfor å gjemme det vekk i skuffer og skap før bruk, får det gjera det nytte for seg som pynt til dei brennes. 


Er litt usikker på kvifor dette lysbehovet melder seg så sterkt på akkurat ikeaturer, men det er nå tross alt ikkje det verste å ha i hus;)


Det blei ikkje den store produksjonsdagen i går likevel, me fekk nemlig uventa og veldig koselig besøk av min svoger, svigerinne og deira lille hjerteknuser på 3år. Ho hadde så lyst å gå til onkel og argumentet hennar var "fordi han var så kjekk å snakke med!" Og hos tante og onkel får ho selfølgelig òg nesten alt ho peikar på, og me får bjørneklemmar tilbake og så er alle så fornøyde:)
Ønsker alle ein herlig søndag!

lørdag 29. januar 2011

Ettermiddags sol i stova...

I dag sender sola sine varme stråler inn vindauga i Parkvegen og eg kjenner at energien lades opp. Det er ingen ting som gjer så godt for sinnet og energien som desse lysglimta som kjem nå om dagane. Eg nyt kvar solstråle som kjem min vei og gleder meg stort til årstida me går i møte, våren er ei fantastisk tid!


Idèer og inspirasjon kribler i kroppen og eg sit og lurer på om eg skal finne fram symaskina og starta på nokon nye og spennande prosjekt. Eg har meldt meg på kurs i "saum av klede" som starter om ikkje lenge, så det hadde kanskje vore lurt å øva seg litt før den store dagen kjem...



Da vil eg ønska alle ei flott helg vidare, håper alle får eit glimt av sol!