søndag 26. september 2010

Lavendel hjerter...


Lavendel er ein nydelig blomst å ha i hagen om sommeren, og når sommeren er over klippes blomstene av, tørkes og gjør nytte for seg til annet bruk.



Her i huset har det blitt lavendel hjerter av dei, med blonder, bånd og lekker skrift.


Eg valgte å lage dei ganske så små og har ikkje vrangsydd dei, synes det er dekorativt samtidig som det går litt raskere...og det er jo ikkje å forakte;)


Så nå henger det 6 hjerter med velduftende lavendel på kjøkkenet mitt. Akkurat da eg sydde dei og jobba med dei var det faktisk litt i overkant mykje aroma som spredde seg, men det gav seg etterhvert...


Så om du har lavendel i hagen og enda ikkje har høsta den, kan det virkelig anbefales. Liker du ikkje å sy kan du lage flotte buketter av dei og ha blonder eller anna pynt på:)
Ønsker alle ein god start på den nye veka!

fredag 24. september 2010

Måke mens det snør...

For dei som lurer så har det ikkje begynnt å snø her enda, men plommene derimot er klare for å bli høsta. I år er me velsigna med store mengder plommer, dei henger som drueklaser i greinene og ser aldeles nydelige ut.


Eg har plukka ei stor skål og laga syltetøy, og meir skal det bli for det er det allers beste syltetøyet som finnes. Og så tilbake til måkinga...


I dag var tida kommet for den kjære helgevasken, og siden eg skal ha besøk i kveld så blei det rydda litt ekstra. Og om ein først begynner å sjå etter rot så er det heilt utrulig kva som finnes i kroker og krær. Og i det eg går der å rydder og rydder og rydder, får eg denne følelsen som ein får når ein måker mens det snør, det vil berre ingen ende ta!!! Til slutt blir eg enig med meg sjølv om at nok er nok, og avlutter ryddeaksjonen, og setter meg heller ned og blogger;)
Ønsker alle ei flott helg!

tirsdag 21. september 2010

Loppe makeover...

Så koselig at fleire er innom enda det har vore dårlig med blogging fra denne kanten lenge. Takk for kjekke kommentarer:) I dag vil eg dele eit loppefunn med dåke, som har fått ein liten makeover...


Har hatt så lyst å ha gavepapir og tilbehør framme, både fordi det pynter opp og litt for at det slett ikkje er så lett å oppbevare i ei skuff eller skap med sin fasong.


Kan jo nevne at her i Parkvegen så har me ikkje meir plass enn det me sårt treng, så de meste som blir organisert her har ein praktisk baktanke:)



Det lekre papiret har eg funne på spareland, og gråpapiret må alltid være der. Gråpapir og blonder er ein flott kombinasjon synest eg, eller litt røff hyssing på lekkert gavepapir som dette!


Ein liten snik titt på det som begynner å ta for i hyllene på kjøkkenet, dagane går berre så alt for fort...


Nå som høsten er kommet og alt er som det pleier, venter eg på lange mørke kvelder og god tid. Men eg er redd for at tida går like fort som ellers i året, og eg må nok ta det litt etter litt...
Ønsker alle ein fin tirdag:)

søndag 19. september 2010

Litt lilla detaljer...

Her kommer litt lilla detaljer fra mitt kjøkken i endring. Etter at eg fekk laga meg hobbyrom har eg lenge tenkt at eg skulle forandre litt i hyllene mine på kjøkkenet der hobby tinga stod. Nå er idèane satt ut i live og det begynner å ta form...


Lilla voksduk med polkadotter er kommet på bordet, praktisk og pent! Dei små dufteposene er så dekorative og pynter opp sammen med lysa.


Friske lilla blomster i ny vase, og berre for å forsvare blomstene så ser dei finare ut i virkeligheten...


Og lilla knotter på det nye skapet som har flytta inn:)
Så må eg få med eit visdomsord fra min datter på 6 år heilt på slutten. Ho satt så fint og perla på ei stjerne i ettermiddag da ho plutselig sa: "du kjem i grunn langt med godt humør!" Som om dette var noko ho hadde filosofert over ei lang tid, og det har ho gjerne gjordt også, ikkje veit eg...
Sant er det i alle fall, og med det vil eg ønske alle ein god start på den nye veka:)