mandag 30. november 2009

Puff daddy love

Det var etter å ha mottat denne Kid reklamen i posten med bilde av den kuleste strikka puffen eg nokon gong har sett, at galskapen starta. Heile sortimentet til Kid vart saumfart, og diverse meldinger sendt rundt for å forhøyre meg bland venner og kjente (og ansatte på Kid), men puffen var ikkje i Kid sitt sortiment...




Ein sånn puff måtte eg berre ha, og defor bestemte eg meg for å gjera det ein alltid gjer når ein er rådvill nemlig google!!! Den som vises i annonsen er fra Christien Meindertsma og er rålekker, den er også omtrent like dyr som den er lekker...




Men det viste seg at det var andre som vart bitt av samme galskap etter puffen som eg vart, og på denne kule sida finne du oppskrift på puffen. Sida heiter Pickles og inneheld masse kjekke oppskrifter for den som liker å lage ting og tang. Puffen finnes det oppskrift på i både stor og liten størrelse og med diverse mønster.



Husflidbutikken var mitt neste stopp og eg var ikkje første som hadde oppdaga puffen der heller,  for dama på butikken visste både garntype og mengde da eg sa kva eg skulle strikke.... Eg fann ikkje akkurat samme tråd som i oppskrifta, så eg blei anbefalt SandnesGarn sitt easy garn og det fungerte heilt supert.



Så her har det gått mykje i strikking i helga. No er ikkje eg akkurat av dei raskeste når det kjem til strikking, men dette gjekk ganske greitt. Med tredobbel tråd og pinne nr 15 virker det som det går raskt sjølv for meg:) No gjenstår litt sying og fylling, og eg har rota vekk nåla mi... men om ikkje så veldig lenge kjem det bildet av den ferdige puffen. Ha ein flott mandag folkens:)

fredag 27. november 2009

Jul i kjøkkenet

Endelig kom dagen da eg kunne henge opp julegardinene i kjøkken vinduet. Det har eg gleda meg til ei god stund no, det er deilig med varmen den rødefargen sprer i rommet.




Eg har kjøpt julestjerna med tvil, det er den blomsten som har den absolutt kosteste levetida her i huset. Derfor er det ikkje ei flott julestjerne med mange greiner, men den rimelige typen som kan skiftes ut ganske ofte.....




No skal eg kosa meg med å pynte i stova og steike lappekaker for eg venter klubbjentene på besøk i kveld. Ha ein flott fredag alle saman:)

mandag 23. november 2009

Lys og varme

I denne travle tida me går inn i no, er det godt å kunne roe ned om kvelden med peiskos og levende lys. Det brennes mykje lys her i heimen, og etter å ha sett mamma`s lager med lys, så fann eg ut kor det behovet kom fra.... det er nok litt sånn "må ha det, berre må ha det" følelse når det kjem til lys.



Julepynta fyrstikkesker er på plass og lysa ligg klar til bruk. Fann to søte små lysestaker på bruktbutikken og i dei passer det akkurat med slike bedelys.



Celine Dion sin  "These are spesial times" er ein av mine julefavoritter, og i dag vil eg gi alle ein oppfordring,  høyr på teksten i denne sangen og tenk over kor viktig budskapet er. Tar du oppfordringen kan du høyre sangen her. Ønsker alle ein flott kveld:)


fredag 20. november 2009

Snart advent

Mens eg venter på at adventstida skal komme, har eg sett på bilder fra jula i fjor og nå gleder eg meg enda meir! Har ikkje funne frem eskene med julepynt enda, men eg kjenner at det ikkje blir så lenge til...



Fuglehuset har for anledningen fått låne det nye god jul skiltet, fuglen skal få sitte til pynt på pinnen når den dukker opp.



 Eg har kjøpt litt nytt og funne fram litt gammelt og planen er at dette skal bli adventslysa i år. Det blir aldri akkurat som eg har tenkt, så det blir berre spennande å sjå korleis det endelige resultatet blir....



Eg synest lysfatet er veldig dekorativt med speil i bunnen og "bling" på sidene. Desverre har det ramla av nokre steiner som eg ikkje finn igjen, men det duger enda:) Då gjenstår det berre ønska alle ei flott helg:)

onsdag 18. november 2009

Shopping og lunsj

I dag har eg hatt ein herlig dag med shopping på ein koselig liten interiørbutikk der mamma mi bur. Ho som driv butikken er veldig kreativ og lager alltid flotte utstillinger, så det er inspirerende å gå og kikke.



Jula var var begynnt og titte frem her og der, men hadde ikkje tatt heilt overhånd enda...



Og selfølgelig har eg snopa meg litt nytt, denne røde mugga fra Ib Laursen på bildet under måtte eg berre ha, er som mange andre ein smule svak for polkadotter.... Og god jul skiltet i sink ved siden av blei også med heim. Bilder av fleire ting kommer i morgen:)



Etterpå var eg heima hos ho mor og fekk lunsj med blandt anna heimalaga horn og plommesyltetøy, og det er noko av det beste eg får servert. Så tusen takk for god mat mamma:)
Og til alle saman, ha ein fin kveld!


tirsdag 17. november 2009

Eg fant, eg fant...

Eg holder på å rydde litt i kottet mitt etter ting som skal gis til loppemarked. Og det som er så gøy med å rydde slik er at man finner så mye rart som man har glemt at man hadde. Desse lysa hadde eg ikkje glemt, men dei gløda så fint i vinduskarmen at dei måtte fotograferes.



Desse derimot vart kjøpt på eit konkursutsalg og har ligge godt nedpakka innerst i eit hjørnet i kottet. For anledningen har dei fått prøve seg som dekor på trollhasselen eg hadde med på messa (bak tøyet er alt det andre i boden som ikkje egner seg på bilde...)



Litt fleire julekuler.....



Og enda litt fleire julekuler....



Og no har det seg jo sånn at det ein kjøper på salg ikkje alltid er det ein hadde kjøpt ellers, men det føles i alle fall som eit kupp der og da. Så i ettertid har eg komme på at jula her i huset består av stort sett rødt og gull, og da passer ikkje alt dette så veldig godt inn.... men dei skal nok komme til sin rett eit eller anna sted likevel. Ønsker alle ein fin tirsdagskveld:)

mandag 16. november 2009

Duften av velvære

I går lovte eg å visa fram nokon av tinga eg hadde kjøpt med på messa, og det skal eg gjera no. Eg har lenge hatt lyst til å ha noko på badet som er både dekorativt og som lukter godt, men har ikkje heilt funne den rette kombinasjonen.



Eg var så heldig og hadde stand rett ved siden av ei veldig trivelig dame som eg allerede kjenner godt, og ho har sitt eige såpekokeri. Og to fulle bord hadde ho med seg, med dei lekreste såper og velvære produkter. Eg måtte berre snope med meg litt av desse, og no har dei komme til sin rett på begge mine bad. Reiret har eg fletta av nokon greiner eg plukka ute i hagen, og siden "diamond are a girls best friend" måtte eg ha med litt rosa bling:)



Fitjar såpekokeri er navnet på bedrifta hennar og produkta er håndlaga, naturlig velvære er noko går igjen som ein rød tråd. Om du vil kan du besøka nettsida hennar her. Her kan du også bestille deg varer om du lar deg friste. Dei gule badebombene ligger i tørka mose, enkelt men veldig dekorativt.



Og så må eg vise den kule strikkehua eg kjøpte meg. Eg er egentlig ikkje noko særlig glad i hodeplagg for eg har ikkje funne noko eg føler meg vel med, men denne var berre så stilig. Ho kalla den for sokkelue, blomen er festa med sikkerhetsnål så den kan tas av, men det blir den nok ikkje hos meg:)



Hjerta på bildet fra badet er forresten også kjøpt på messa, det var rett og slett ganske masse fint å finna der. Ha ein fin mandagskveld folkens:)

søndag 15. november 2009

Bilder fra julemessa

Som tidlegare nevnt har eg vore på julemesse i helga. Det har vore travelt, men veldig kjekt. Legger ut nokon bilder fra standen vår, siden det var nokon som gjerne ville sjå:)



Bildene blei tatt i full fart, og belysningen gjorde også sitt til at kvaliteten på bildene er heller dårlig, beklager dette. Bedre bilder av tinga finn dåke i eldre innlegg om dåke vil sjå meir.



Det var godt oppmøte på messa og folk såg ut til å kose seg, det gjorde i alle fall me som hadde stand der eg holdt til.



Det var godt å sjå at det hadde minka på ting og tang når det skulle pakkes ut i bilen igjen, for det var eit godt lass me hadde med oss ut på fredag da me var å laga til standen.



Nå skal det ryddes litt meir og så har eg planer om å slappe av med ein god kopp te:) Har snopt litt på messa som eg tenkte å visa dåke, men det får bli i morgon. Ha ein fin kveld alle saman!

fredag 13. november 2009

Klar for julemesse!

Her går det unna for i morgen starter julemessa, eg har tusen ting som surrer rundt i hodet mitt. Litt stressa men aller mest så gleder eg meg:) Har kjøpt trollhassel og måtte ha ein liten prøveutstilling på stovegolvet.



Her er alle hjerter og ugler samla i ei korg klar for å reise på messe. Det meste er ferdig, men dei hvite mangler bånd enda...



Kan dåke hjelpa meg å velge bånd for eg finn ingen som passer heilt, berre to som nesten passer. Her ser dåke dei eg har å velge i, eg blir kjempe glad viss dåke vil skriva kva  dåke synest:)



På toppen av travelheten så er det jo fredag den 13.  i dag, og eg som er ganske klønete fra før blir ekstra skvetten på sånne dager. Det har heldigvis gått forholdsvis bra så langt.... No må eg springa vidare, ønsker alle ei god helg:)

onsdag 11. november 2009

Lucky me!!!

Eg har vore så heldig å vinna denne lekre teksten på ein giveaway på Hilde Heimdal sin blogg. Så tusen takk Hilde, dette blei eg veldig glad for:) Ho har stadig vekk flotte ting som ho deler ut til dei som tar ein utfordring. Om du vil være med på utfordringa ho har no eller vil lese meir, kan du besøke bloggen hennar her.



I tillegg til ein veldig koselig blogg, har ho også nettbutikk. Dette er ei aktiv og kreativ dame som alltid har noko på tapetet. Og nokon av varene i butikken lager ho til og med sjølv, som dette skiltet på bildet. Det får du med mange forskjellige tekster, eg liker veldig godt dette!




Bildet under er fra nettbutikken og viser litt av utvalget ho har. Det er ein mix av nostalgi, vintage, shabby chic m.m.  Her er mykje lekkert! Om du vil kan du ta turen innom ved å klikke her.



Alle bildene i dag er lånt fra Hilde`s blogg og nettbutikk, og eg har fått lov av ho til å bruke dei. No sitter eg å koser med med ein kopp vinter-te og planlegger kor teksten skal plasseres. Gleder meg masse, lucky, lucky me!!

tirsdag 10. november 2009

Litt smått


I dag har eg vore og handla inn siste rest til julemessa, trur eg.... Eg holder på å male på veggene som me skal ha bak oss til å ha alt utstilt på, min kjære har vore så snill og snikra dei til meg akkurat slik eg vil ha dei. Og i dag fant eg nokon lekre nåler som me kan ha til å henge opp tinga med. Mens eg stod i kø for å få betale dei hang dette båndet ved sida mi og ropte for å få bli med heim, kan jo ikkje sei nei til noko så søtt....? 



Har fått laga ferdig dei siste tagene også, og der brukte eg glansbilda som eg kjøpte på nille i helga og stempel rundt på kantane. Hjerta blei laga seint i går kveld, lenge etter alle gjestene på var gått heim. For me var ikkje så produktive på hobbykvelden vår i går, men me hadde det utrolig kjekt:)




Poser må man jo ha på messe, og eg synes ikkje noko om å ha gamle krøllete plastposer frå Kiwi og Rema 1000, så eg har kjøpt kvite papirposer. Har valgt papir for at eg skal kunne pynte dei opp med litt stempel og kanskje eit lite hjerte klistermerke til å lukke dei med. Så her testes det ut med forkjellige stempel og farger og glitter.




No venter symaskin og tøy på meg på kjøkkenet. Ha ein fin kveld alle saman, me sjåast:)
(Her presse nynorsken seg inn.)

mandag 9. november 2009

Vintage bilder i ramme

Da var rammene med vintage bilder ferdige. Det første blei laga for ganske lenge siden, men så gikk eg tom for maling, og det viste seg å være vanskelig å få tak i akkurat samme type så da blei det lagt på hylla ei stund... Til slutt enda eg opp med vanlig interiør maling i eggehvit kombinert med hobbymaling i antikkhvit og det fungerte like bra.



Det er altså mala eggehvit og antikkhvit om kvarandre og så er det stempla på ein swirl  i svart. Bildene er skrevet ut på akvarellpapir for å få dei matte og med litt struktur.



Men nå skal det bakes boller for her skal det være hobbykveld og da må me ha noko godt å bite i:) Ha ein fin mandagskveld alle sammen!

søndag 8. november 2009

Klar for ei ny veka:)

Så var alt helga over for denne gang.... Me har hatt ei herlig helg med fint vær og ikkje så alt for masse program. Ikkje at det blir så veldig rolig likevel, men me har stort sett gjordt akkurat det me vil og det er luksus det. Denne skjønne støvkosten er ein gave til min kjære mamma, men eg synest den mangla litt pynt så det er ordna på no, litt blonder og litt bånd.



På lørdag var me på ein liten handlerunde og da kom eg over desse glansbildene med lekre vintage motiv. Dei fant eg på Nille til den nette sum av 19kr, og dei hadde gavepapir med lignende motiv også.



Ellers har det gått ein del tid til å gjera ferdig alle ting og tang til julemessa neste helg. Alle har vore i sving med sitt rundt kjøkkenbordet, nokon med farsdagsgaver og andre (dvs meg) med nye prosjekter som absolutt ikkje skulle vore begynt på no. For på fredag må alt væra ferdig. Trur egentlig eg ligg ganske bra an føreløbig, men følelsen kan lett endre seg i løpet av veka er eg redd...



No har i alle fall uglene fått selskap av ein liten, mjuk pepperkakemann. Og det kjem stadig litt forandringer på uglene også, dei siste har no fått "i love you" tag på ryggen, så det er nok ingen av dei som blir heilt like...
Ønsker alle ein god start på den nye veka:)

fredag 6. november 2009

(F)uglehus

I dag har høstsola sendt varme ståler inn kjøkkenvinduet mitt, og det gjorde godt for både kropp og sjel. Og enda så flott vær det har vore så blei det ein innedag på meg. Eg har fått malt det siste støket på fuglehusa, hvit på veggene og grå steinmaling på taket. Og to små ugler har kommet til verden.

Husa har eg laga frå bunn av, eg fekk til og med opplæring på kappsaga av min kjære:) Eg har tegna, saga, limt, spikra og no er dei pussa og malt og det er berre dekorering som gjenstår. Nå må det nevnast at eg eit slikt stabeist som helst skal gjera alt sjølv(sjølv om det ofte er veldig tungvint), hadde eg bedt om hjelp til å sage og spikre så hadde eg fått det. Men halve moroa er jo å gjera det sjølv og få det til:)

Husa er berre tenkt som pynt til å ha inne, det hadde blitt vanskelig for fulger å bygge rede i dei for de mangler bunn.... Men man kan jo ikkje ha fuglehus uten fugler, og det var der idèen om uglene kom inn. Har sett ugler i diverse varianter rundt om og synset dei er sååå koselige, så da var det berre til å sette seg ned med skisseboka.


Så nå står det ei rekke med (f )uglehus her hos meg og venter på ugler og pynt. Så da skjønner dåke nok kva som er min plan for kvelden. Ha ein fin fredagskveld og kos dåke, det skal eg:)

torsdag 5. november 2009

Puter med engler

Her er resultatet fra gårsdagens økt med symaskina. Eg har ei mamma som alltid har likt engler så godt og dette har sakte men sikkert smitta over på meg. Så når eg skulle finne bilder til desse putene var eg ikkje i tvil om kva motivet skulle være.


Litt blonder i to av hjørnene men ellers ganske enkle, ville ha fokus på dei skjønne englane.



Ha ein fin høstdag alle saman:)

tirsdag 3. november 2009

Ny pute i lesekroken

Nå er ikkje eg den som les mest, men ein god lesekrok må man ha. Og her er min lille krok kor den som vil, kan lesa eller gjera som mine søte små, spela Nintendo DS....



I dag har eg vore på sybutikken og kjøpt tøy og blonder, så det skal bli nye puter i stova mi. Den første puta står no ferdig i denne stolen.



Det er heller ganske enkle saker eg syr, for eg er nybegynner på det området. Men eg koser meg masse med det, så får eg heller øke vanskelighetsgraden etterhvert.


Nå skal eg lage meg ein stor kopp te og ta ein velfortjent pause før eg tar fatt på dei neste putene.


Ha ein fin tirdagskveld alle sammen:)


mandag 2. november 2009

Her koser eg meg!

I familien eg vokste opp i var kjøkkenet eit samlepunkt. Me låg ofte på kjøkkengulvet og mamma måtte tråkke over oss for å gå fra eine enden til den andre. Pappa er snekker og huset vårt var til slutt bygd på i alle ender, så me hadde masse koselige kroker og krær. Og mi favoritt krå var sjølvsagt ei på kjøkkenet, der var det ganske lite men me klarte å presse inn ein liten sofa og ein tv. Egentlig var det vel fordi det var godt å være i nærheten av ho mor, og litt fordi me var redd for å gå glipp av den gode maten ho laga...


Kjøkkenet er fremdeles mitt favoritt rom, det er der eg jobber med alle mine prosjekter og har hobbytinga mine. Eg har fått meg hyller som eg har plassert masse kurver i og der er eit evig kaos av papir, scrappeting, sysaker, blonder, bånd, lim, hobbymaling, skrivesaker +++




Kjøkken hylla mi måtte få bli med på bildene i dag, du kan så vidt sjå den bak lampa som heng over bardisken. Eg har planer om å laga meg kjøkkenhylle ein gang, ei som viser litt meir igjen på veggen. Men liker godt denne også, så den blir nok værende ei stund. Trur det var Living eg kjøpte den på ein gang for lenge siden.


Her er bilder av hyllene mine. Me hadde egentlig tenkt å ha barkrakker her, men fant ut at det ville ta for mykje plass på vårt lille kjøkken. Det er ikkje så ryddig å ha alle ting framme, men det er veldig praktisk når ein bruker dei så og sei kvar dag. Og siden eg er så glad i kurver passer det meg godt.



Resten av kjøkkenet mitt skal dåke få sjå når me får gjordt ferdig flisene over kjøkkenbenken. La oss sei det slik, det er mulig det blir lenge til.... Ha ein fin mandagskveld:)