fredag 30. oktober 2009

Små fristelser

Her er reultatet av melkesjokoladekort produksjonen min. Sjokoladane er av minste type, så korta er ganske små (ca 10 x 5 cm.) Tanken var at det skulle være eit kort men også ein bitte liten gave.



Eg er ikkje så flink til å skrive på kort, så desse passer perfekt for meg. For dei meir skrivelystne går det an å putte ein liten lapp/tag inn saman med sjokoladen. Har laga dei med gratulerer og gledelig jul- stempel og hadde planer om "dette kortet er ein bærbar klem", men veit ikkje om tida strekker til... det er i grunn vanskelig å vite kor mykje ein skal lage også.




Men den store utfordringen med desse korta er at det no står to esker i kjøleskapet, utenpå står det skrevet med store bokstaver: "IKKJE RØR!" Den eine inneholder melkesjokolade og den andre firkløversjokolade. I utgangspunktet var det 67 sjokolader i kvar eske, men talet er kraftig redusert og minker stadig til tross for den tydelige beskjeden... Er veldig spent på kor mange som er igjen når korta skal fylles om to veker;) Ønsker alle som er innom ei flott helg:)

torsdag 29. oktober 2009

Gamle bøker

I dag har eg vore saman med ei vennine på gjenbruksbutikken eg nevnte for nokon veker siden, kva eg fant den dagen kan du lese om her. Det eg jakta på i dag var gamle bøker og noter.



Og det viste seg at dei hadde bøker i lange baner, så da var det berre til å leite. Eg kobler heilt ut og er plutselig i min eigen lille verden og tida suser forbi. Lekker skrift, noter og gulna slitte sider var målet og den som leiter skal finna:)



Bøkene er fra 1913 og til 1949 og er av slaget salmebok, sangbok, tysk-dansk/norsk ordbok, lærebok i tysk for nybegynnere og til slutt "Utvalgte tragedier" som er(om eg har forstått det riktig) ei bok med tragiske skuespill. Rett og slett litt fasinerande , kanskje enda meir om eg hadde forstått kva som stod i den....



Dei trivlige damene på butikken synest det var ein spennande kombinasjon av bøker og lurte på om me var lærarstudentar, kanskje ikkje så rart eller....? Me vågde ikkje å sei kva bøkene var til, i fare for å ikkje få kjøpa dei. Eg ser for meg at damene ikkje hadde likt tanken på å rive ut sider av gamle bøkene for å lage kort og diverse papirpynt.... Da er det bedre dei trur me er kommande lærarar med spesial kompetanse innen gammel litteratur:)



Må forresten nevne at det stod pris i salmeboka, og den hadde i si tid kosta 7 kroner og 50 øre.
Så fra ein rykande fersk fantasi lærarstudent: Ha ein strålande kveld:)

onsdag 28. oktober 2009

Under my umbrella...

I dag har eg hatt ein herlig dag hos frisøren min. Og siden det berre er nokon få minutter å gå, så bestemte eg meg for å rusle ned. Det var fint vær og kald klar høstluft, men innen eg var ferdig hadde værgudane komme på andre tanker, regnet silte ned og trua med å ødelegge den nye frisyren...


Men dette fekk ikkje ødelegge verken dagen eller frisyren, for kva gjer ein når livet byr på sitroner..? Jo då var eg lur og nytta anledningen til å kjøpe meg Lisbeth Dahl sin lilla paraply med polkadotter på. Så no må regnet berre pøse ned for min del, eg kose meg under den nye, lekre paraplyen min og nynner på "under my umbrella ella ella..." Ikkje berre er den fin å sjå på, den er praktisk også, så liten at du kan putte den i veska og ta den med på handleturen viss det er grå skyer.



Og her er kommer nokon bilder av tagsene som eg nevnte i går. Dei er laga på akvarellpapir og har tilda julestempel på baksida, brun stempelpute på kantane og hampsnor til å feste med.

Kos dåke vidare i høstværet og husk viss det blir litt trist i regnet, så hjelper det med ein lekker paraply:)

tirsdag 27. oktober 2009

Vintage jul

Holder på å lage små tags som "til og fra" lapper med vintage motiv. Det er jo så masse fine bilder, så eg tenkte å vise nokon av dei eg har brukt.



Nå er det knappe tre veker igjen til julemessa eg skal på, og eg håper eg kjem i mål med det eg har lyst å få laga. Problemet er at det stadig vekk dukker opp nye idèer som må prøves ut... snakk om luksusproblem:)


Siden eg (og mange med meg) begynner så tidlig å glede seg til jul, butikkar blir fylt med julepynt, så føler eg at denne tida før advent burde hatt eit navn. På samme måte som advent og førjulstid, kunne jo dette blitt kalla føradventstid, julemesseproduksjonstid eller rett og slett førjulsgalskap. For viss ein tenker seg om så er vel jul i oktober litt førjulsgalskap...

Så til alle som jobber med sine juleprosjekter, kos dåke og lenge leve førjulsgalskapen:)

mandag 26. oktober 2009

Kvardagsgleder

"Mange mennesker forsømmer den lille lykke, fordi de forgjeves venter på den store"
Pearl S. Buck





Eg trur det er lett for å gå i denne fella, sjå forbi dei små gledene me har i kvardagen. Det er jo tross alt kvardagar me har flest av, så det å klare å sjå lyspunkt mellom dagens travle aktiviteter er gull verdt. Det er alltid kjekt å ha store ting å sjå fram til og glede seg over, det kan lysa opp når dagane er grå. Men ofte blir forventningane så store, at når dagen kjem er det ikkje alltid den lever opp til forventningane...



Min oppfordring er, midt i jobb, fritidsaktiviteter og bekymringer, å finne fram dei tinga i kvardagen som ein gleder seg over og kjenne at ein nyt dei. Nokon av mine kvardagsgleder er: dagens første kaffikopp, solstrålene som kikker frem mellom regnbygene, eit kompliment, duften av nybakte boller, eit smil, koselige kommentarer på bloggen. Det kan vera så lite, og likevel gleda så mykje. Bildene i dag er fra noko anna eg gleder meg over, en ettermiddagstur ute i naturen saman med familien min.

torsdag 22. oktober 2009

Just cruisin....

På denne båten skal eg og min kjære tilbringa dei neste to dagane, og det gleder me oss veldig til. Båten heiter Color Magic og turen går til Kiel. Dei små skal vera heima med besto og har nok gleda seg like mykje som oss. Me krysser fingrane for fint vær og lite vind! Hadet fint så lenge:)

Bildet er fra skip-siden.com

tirsdag 20. oktober 2009

Badet mitt

Eg koser meg med å laga ting til julemessa om dagane, og tida berre forsvinn når eg sit med det. Siden huset ikkje vasker og rydder seg sjølv, så hoper det seg fort opp med husarbeid. I dag har eg hatt husvask på agendaen, og det gjorde godt for både meg og huset. Det er så deilig når det er reint, fint og ryddig. Og i den anledning tenkte eg å visa litt bilder fra badet, mens det endå er ryddig der! Eg er nok ikkje som dei damene på puls i går som hadde alt, og då meiner eg virkelig ALT perfekt(om du gjekk glipp av det kan du sjå det på nrk nett-tv). Her er det rotete rett som det er, men me trives godt likevel:)

















fredag 16. oktober 2009

Kule støvler


Eg har ikkje hatt støvler siden eg var lita jente og budde heima hos ho mor. Og eg huska godt at dei var berre ei pest og plage. Når dei så var i bruk var dei (til mammas store forvilelse) bretta ned, og da blei det hull i dei der bretten var. Eg har fått med meg at Isle Jakobsen støvlane har vore in ei stund, og dei er veldig stilige. Men no som eg har klart å komma over min støvlefobi, og faktisk har innsett at det er praktisk å kunne gå tørrskodd i høst- og vinterværet (les sludd og søle) var det desse støvlane eg falt for. Støvlane er av merket Tretorn, har rosa fôr og rosa snøring bak, og tilfeldigvis så er rosa min favoritt farge! Lucky me:) Tretorn har masse tøffe sko også, du kan sjå på sida deira ved å klikke her.

onsdag 14. oktober 2009

Heimalaga pynt


Eg har virkelig fått dilla på å sy, så no har det blitt fleire hjerter i heimen. Der det er hjerterom er det husrom veit du, men her er det nok mulig me har så masse hjerter at det minker på husromma.....


Har laga nokon lykter av tomme glass, synes det er kjekt å kunne bruka ting opp igjen. Desse glassa er små og passer akkurat til telys, skal lage større og men har ikkje nådd det enda.


Tenkte desse kunne bli koselige på mørke kveldar i adventstida. Dei store kan ein jo ha ute på trappa, det er veldig fin glød i dei når det er levande lys inni.


Eg kjenner at for min del så kan ikkje adventstida komme fort nok. Eg gleder meg veldig no, og prøver å bremsa litt siden me endo berre er midt i oktober. Men eg har faktisk vore i ein interiør butikk der det allerede var fullt av julevarer og vindauga var pynta til jul. Det var kjekt å kikka , men det var litt tidlig sjølv for meg.Ha ein fin kveld:)

mandag 12. oktober 2009

Roser og fleire hjerter

Har laga fleire hjerter i litt større skala, dei er hengt opp med fiskesene. Etter å ha prøvd litt forskjellig, synest eg det blei det beste resultatet.

Inni hjerta har eg pynta med prismer som eg hadde etter eit anna prosjekt i heimen.

Eit lite hjerte som var eit alternativ til prismen i midten på hjerta.

På dagen var eg ute å nytte høst sola og rydda litt i hagen, då snubla eg over desse flotte rosene. Det er nok dei siste rosene fra min hage i år, så dei er tatt inn og pynter opp i stova vår no.

søndag 11. oktober 2009

Hjerter og lysposer

I helga har eg kosa meg litt med hobbyting og dette er det er resultatet. Egentlig så hadde eg store planer om å få laga nokon skilt, men i min lille verden er det slik at eg har mest lyst til å gjera nokon anna enn det eg egentlig skal....

Etter å fått lånt symaskin av mamma, rota vekk bruksanvisningen, leita den opp igjen på internett med hjelp fra mamma og fått printa den ut, har eg endelig funne ut korleis eg kan bruka fleire av saumane og lært litt meir om alle finessane ein ekte Lidl symaskin har. (Viss nokon lærarar skulle komma i skade for å lesa dette, beklager den ekstremt lange setningen!)

Har også funne fram nokon perler og streng og her er resultatet av det.

Forholdsvis enkle å lage, men krever godt syn og ein del tålmodighet. Det var noko putle å tre alle perlene på strengen, men synest det var verdt det når resultatet var på plass.

Har ikkje heilt funne ut korleis eg skal henge dei opp, er glad for forslag om nokon har ein idè.



onsdag 7. oktober 2009

Rosa sløyfe 2009




"Gud gi meg slik sinnsro at eg forstår og godtar dei tingene eg ikkje kan forandre, mot til å forandre dei tingene eg kan og forstand til å se forskjellen."





Eg synetest dette er veldig kloke og gode ord, og i dag skal dei være ein del av mitt rosa innlegg. Det var inne på sida Magny`s krinkelkrok eg les om oppfordringa til å lage eit rosa innlegg for å støtte opp om den rosa sløyfe aksjonen. Ho har ein veldig koselig blogg og den finn du på blogglista mi. Den rosa sløyfe aksjonen 2009 kan du lese om ved å gå inn på denne siden.




Brystkreft er noko som rammer veldig mange, og dei aller fleste har hatt det ganske tett på livet sitt. Mor, søster, tante, ein venn eller nabo som har vore berørt av dette. Aksjonen kjem frå USA og starta opp i Norge i 1999, den har som mål å spre informasjon og auke kunnskapen om brystkreft. Dei har gjordt ein fantastisk jobb, og viss du vi være med å støtte kan du lage eit rosa innlegg for å spe informasjonen vidare eller lese om dei forskjellinge måtene du kan støtte dei på nettsida deira. Armbåndet på bildet over er designet av Torill Kvalheim og er ein av tinga som auksjoneres bort til støtte for aksjonen. Ho har også ein kolleksjon for salg til inntekt for rosa sløyfe aksjonen, dei kan du sjå på denne sida. Håper du vil være med å støtte aksjonen:)

mandag 5. oktober 2009

På skattejakt


I dag har eg vore ein liten tur på gjenbruksbutikken vår, synest det er gøy å ta ein runde for å sjå om det er nokon små skatter som står gøymde i hyllene. Og i dag var eg heldig og fant fleire ting. Min sønn har høstferie og måtte vera med på jakta stakkars, som belønning for tålmodig venting på mamma, fekk han kjøpa seg Donaldblad. Her er det skatter for både store og små.


Lysfatene på bildet over falt eg heilt for, og eg har fra før av glassfatene fra Lisbeth Dahl med akkurat samme perlemønsteret på kantane. Dei har eg kjøpt på Frk Lande tidlegare i vår og liker veldig godt. Synest glass er heilt topp, tidlaust og så kan det kombinerast med akkurat det du vil av farge og stil.



Denne enkle dekorasjonen er laga av mose og ein serviettring. Hjerteskåla fekk eg av mammaen min, da ho var på veg til å kaste den. Den var julerød og har fått eit strøk med ein kvit maling, heilt utruleg kor mykje det utgjer.



Den vetle fløtemugga og matchende skål blei også med meg heim, og står no på bordet med telys i og pynter opp.



Dei er plassert på ei lita speilflis med eit pyntehjerta med perler på.



Siden blomstrane mine ikkje lever så lenge må eg vera litt kreativ på den fronten, så lenge leve mosen(håpar eg...) Den er i alle fall lett å få tak i ny:)

Fant også nokon små fjøler/plater som skal bli skilt, men det kjem bilder av ein annen dag:)
Som Linda seier(Norsk attraksjon): Og du... hada då du:)