onsdag 30. september 2009

God morgen

Her skal det bakes kake i dag, for mammaen min har bursdag. Så viss du er innom bloggen: Gratulerer så masse med dagen:) Eg har og planer om å få laga nokon fleire av desse små veskene, synest dei var litt koselige. Sjølv om eg ikkje heilt veit kva dei skal brukes til, små gaver kanskje, veldig små gaver... Den minste måler 7x7,5cm og den andre 9,5x7,5cm uten hanken:) Ha ein fin onsdag!



tirsdag 29. september 2009

Fra det kreative hjørnet

I dag blir det litt bilder fra det kreative hjørnet her hos meg. Har kosa meg inne i ruskeværet og laga litt forskjellig. Har faktisk laga litt jule ting og tang til messa eg skal på, men det er vel i tidlegaste laget å dra frem jula...











mandag 28. september 2009

Putefeber med stor smittefare!



Det starta med ein liten handletur på Bohus, og der eg gjekk å surra i jakt på staffeli kom eg over desse putene. Eg måtte berre knipsa nokon bilder av dei, sånn i tilfelle min kjære syntest at me var i manko på puter, men det var me visst ikkje....




For det er med puter for meg, som med melk for andre: "må ha det berre må ha det", og det kjem tett oppfulgt av andre symptom som "dagen/sofaen er ikkje den samme uten..." Men føreløbig står dei høgt på ønskelista mi. Putene kjem fra Moltex og etter å ha sett litt bedre etter, var det mange av mine puter som kom fra denne leverandøren. Bildene under er lånt fra den siste katalogen til Moltex, her var mykje lekkert presentert på ein kreativ og innbydande måte. Nyt dei:)












Grytekluter til godkjenning...


No er eg akkurat ferdig med eit lite hekleprosjekt. Dette blir kanskje ein bursdagspresang, men håper på ein liten godkjenning her på bloggen, så viss dei er på ønskelista får du gi eit vink;)

søndag 27. september 2009

Hyttetur i regnvær



No har me komme oss heim fra ei koselig helg på hyttetur. Hytta me var på låg like utanfor Etne sentrum i Hordaland, og enda været var ganske trist var det ein utrolig flott stad å væra på.




Det var tre hytter som låg på eit nes, men dei var ikkje plassert så tett. Området rundt hyttene var flott opparbeidet med murer, stein, planter, lekeplass, og ei veldig stilig grillhytte. Dersom du vil lese meir om hyttene kan du sjå på nettsidene deiras her.


Dette bilde er av grillhytta utenpå, den ser ikkje så stor ut fra denne vinkelen, men berre vent til du ser bildet inni.


Her kan det dekkes langbord til ganske mange, det føltes litt som ein plass der vikingane hadde trivst godt og mange med dei. Eg trur det må ha vore litt størrelse på det treet bordet er laga av:)




Desse tønnene stod med flotte blomster i rundt omkring, og dei kunne eg godt tenkt meg å tatt med heim.


Høstlyngen stod på sitt flottaste og lyste opp i mellom regndråpane.


Og enda så kjekt det var å vera på hyttetur, så var det deilig å komma heim til si eiga stova. Borte bra , men heima best:) Eg er nok litt vel heimakjær ja....

fredag 25. september 2009

Nystekte kanelboller

Her pakkes og bakes og ryddes det som berre det, for me skal på hyttertur i helga. Som vanlig trur eg at eg har all verdens med tid, til det ganske brått går over i paniske tilstander og eg savner dei tider der eg styr på ting.

Men aller først skal me kosa oss med nystekte kanelbollar, og det skal bli godt:)

Løperen har eg sydd og lysa har fått litt pynt, og Greengate mugga er for anledningen full av melk.

Snora er av hamp og klesklypene har eg mala og pynta med polkadotter. Men nå må eg komma meg i vei. Ønsker dåke ei flott helg:)

torsdag 24. september 2009

Sukkersøtt

Eg har ommøblert på min datters rom og mens det ennå er ryddig, tenkte eg å vise nokon bilder der fra. Det er nok ikkje tull at å rydde mens ungene er små er som å måke mens det snør...

Denne hylla har min bestefar laga så den er veldig verdifull for meg. Den har blitt beiset mørk, mala kvit og så rosa. Så får me sjå kor lenge det varer.

Gardiner og sengesett er kjøpt på Kid og det trur eg hunden også er, den har ho fått av besto si.

Gardinene har eg hengt til side me ei dekorsnor eller noko i den dur, syntest det blei koselig i alle fall.

Denne var ein gang full av bamser, kor dei har blitt av veit ikkje eg, men borte vekk var dei...

Eit lite oppussingsprosjekt eg har hatt, fekk den av ei venninne som var lei av den og hadde satt den i garasjen. Den var bøkefarget med messinghåndtak og etter litt pussing og maling blei den ganske bra. Har ikkje fått knotter på enda, men dei skal sjølvsagt være rosa.

Pappesker fra Panduro som eg har pynta med Tilda Papir og ein søt liten teddybjørn.

Ønsker dåke ein fin torsdag:)

tirsdag 22. september 2009

Lampe kupp

I dag kom eg over eit kupp! Var på handletur og kikka litt og i det eg skulle inn i ein av butikkane sto det ei kurv med lappen " alle varer 99,-" Der lå det to av denne lampen som viser på bildet over. Og etter å ha gått en runde og to med meg sjølv tapte fornuften kraftig og BEGGE lampane blei med meg heim.... (Bildet er litt mørkt, men det var så ukoselig med det hvite blitz lyset.)

Her er bilde av enda eit prosjekt til julemessa, ikkje heilt ferdig men tok med bildet likevel. Likte så godt desse Tilda englene, så det blir nok fleire prosjekt med dei.





søndag 20. september 2009

Vinduet mitt i kveld


Det er så deilig nå som det er mørkt ute om kvelden, da kan man bruke tiden på å lage det koselig inne. Fyre i ovnen, tenne lys og kose seg under eit pledd.

Dette bildet er ein av mine prosjekter til julemessa eg har meldt meg på.

Serviettringer som i sin tid blei kjøpt på Fryd. Synest dei er så dekorative.

Lysa er ASP-Holmblad sine som eg har pynta litt på. Det minste er 35cm høyt og det største måler 55cm.

Blomstene har eg fått i gave fra min kjære på bryllupsdagen vår! Roser er flotte, men liljer er absolutt min favoritt. Så viss du leser dette, tusen takk min kjære mann:)

På tur i skogen

I dag har me vore på tur og sett skogen i høststemning. Det var til og med litt solstråler som kom gjennom til oss mellom trærne.

Hele veien bar det preg av høst. Stillheten, den klare høst luften og alle dei flotte fargane.

Det ble knipsa ganske mange bilder, for det mangla ikkje på flotte motiver.

Og nyt det så lenge det varer, for i det me satte foten på trappa heime skjedde dette:

Det kaller eg flaks! Skulle kanskje ha tippa lotto denne veka likevel....

lørdag 19. september 2009

Besøk på



I dag har me vore på open dag på brannstasjonen og dagens høydepunkt: me har kjørt i brannbil med sirenene på! Eit kjempeflott opplegg hadde dei der og ungane fekk caps, dei fekk spyle med brannslange og som nevnt, kjøre brannbil.

Her er vidunderet som me satt på med, kanskje ikkje siste utgaven, men utrolig gøy!

Garderoben var på plass, men eg savnet denne berømte stangen som dei alltid glir ned...

Syntest denne brannmannen hadde fått eit ganske greitt nummer, lett å huske kan du sei.

Her spyles det og det ble ganske vått på plassen her etterhvert.